Til hausten startar Leni-Anita Notø og nytilsette Trine Hansen prosjektet som skal gi meistring til unge i utanforskap.
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Til hausten startar Leni-Anita Notø og nytilsette Trine Hansen prosjektet som skal gi meistring til unge i utanforskap.
Til hausten startar Leni-Anita Notø og nytilsette Trine Hansen prosjektet som skal gi meistring til unge i utanforskap.
Trine Hansen er tilsett som prosjektmedarbeidar i FRAM-prosjektet, som skal jobbe målretta mot ungt utanforskap. Med base på aktivitetssenteret Havglytt skal ho og Leni-Anita Notø skape meistring, tilhøyrsle og framtidstru hos ungdommen.
For nokre er Trine kanskje allereie eit kjend fjes. – Eg har fagbrev i salsfaget og jobba på Cubus i 19 år, før eg kjente eit behov for å prøve noko nytt. No har eg tatt eit studie som heiter «erfaringskonsulent innen rus og psykisk helse» på KBT, er styreleiar i Rusettervernet Sogn og Fjordane og fullført kurs i utandørsterapi, utdjup ho.
Dette traff meg rett i hjertet
Ho er allereie godt kjent med FRAM og Havglytt. I fjor var ho i praksis på Havglytt frå januar til mai. Her blei betre ho kjent med dei som jobbar der og kva arena Havglytt skal vere. Her fekk ho også innblikk i kva FRAM-prosjektet skulle bli. Då stillingsannonsa som prosjektmedarbeidar til FRAM-prosjektet blei utlyst, kjente ho at dette var noko heilt spesielt. – Det traff meg rett i hjertet. Dette er nøyaktig det eg ville jobbe med når eg var på leiting etter ei ny retning. Eg kjente at her vil eg jobbe og hjelpe folk, fortel Trine.
Aktivitetskalenderen er klar
I august startar FRAM-prosjektet, og saman med gjengen på Havglytt skal dei hjelpe unge med å kjenne meistring og finne eit fellesskap. Dei har allereie planar om kva aktivitetar dei vil legge til rette for.
– Vi skal starte forsiktig og innanfor dei trygge rammene til deltakarane. Eg er ein forkjempar for å kome seg ut og få litt dagslys og frisk luft, og merkar sjølv kor mykje det har å bety for energi og humøret. Vi ser for oss å ha ein lavvo utanfor Havglytt, turar rundt Storevatnet og fiskekonkurranse, formidlar ho engasjerande.
– Og dersom nokre skulle uroe seg for at det berre blir aktivitetar ute, kan vi legge til at det blir nok av både biljard og prat over ein kopp kaffi eller te. Nyleg kjøpte vi ein ny Playstation 5, som unge og eldre kan bruke når dei ønskjer, skyt ho raskt inn.
Her er det rom til deg
Trine legg vekt på at FRAM-prosjektet skal vere ein stad der terskelen er låg og alle er velkomne. For mange unge kan det å ta det første steget inn ei ny dør vere det vanskelegaste, og det er nettopp der Trine ønsker å vere; som eit kjent fjes og ein trygg person å møte. Ho er oppteken av at ingen skal kjenne seg aleine og at fellesskapet i seg sjølv kan vere like viktig som dei konkrete aktivitetane.
– Du kjem ikkje til å bli avvist her. Uansett kven du er og kva du har i bagasjen, er det rom til deg. Vi ønsker å lage eit fellesskap som byggjer kvarandre opp og hjelper deg, avsluttar Trine.
