Origod AS

Florø & Førde

Origod AS

Florø & Førde

Sterkare saman

Origod støttar menneske inn i arbeidslivet
og tilbyr folk og tenester til lokalt næringsliv

Origod er NAV sin samarbeidspart og tenesteleverandør innan arbeid og inkludering for utsette grupper. Vi har over 30 års erfaring med levering av arbeids- og inkluderingstenester til NAV i Florø og Førde. Origod er ei kompetansebedrift der medarbeidarane har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk, med et breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

origod.no

Arbeidsmarknadstiltak
i samarbeid med
NAV og næringslivet.

Mekanisk produksjon
i aluminium, rustfritt og syrefast.

Gartnartenester
og vedlikehald av eigedom
sommar og vinter.

Origod er eigd av både Sunnfjord og Kinn kommune, og er lokalisert i begge byane. Dei gjer ein viktig jobb med å få folk tilbake i arbeid. Kommunen vår er oppteken av å vere offensiv i sitt utviklingsarbeid og vil medverke til at Origod sine mål vert realisert. Samarbeid er eit viktig stikkord for oss.

Jenny Følling, ordførar Sunnfjord - origod.no

Origod er ei arbeids- og inkluderingbedrift med mål om å gi menneske med ulike behov sjansen til å komme tilbake i arbeid. Største eigar av Origod er Kinn kommune saman med Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune. Vi i Kinn er oppteken av dette viktige arbeidet, både som eigar og som ein del av samfunnsansvaret vårt – for at alle skal ha ein god kvardag og god jobb. Som ordførar er eg oppteken av at Origod får utvikle seg vidare. Fokus må alltid vere meistring og utvikling.

Bengt Solheim-Olsen, ordførar Kinn - origod.no

På Horne Brygge har vi brukt Origod til vedlikehald i ei årrekke. Det fungerar veldig fint, uansett om det er snømåking om vinteren eller spyling av kaikanten på våren. Vi er veldig fornøgde! Origod sine medarbeidarar leverer – og alltid med eit smil i tillegg!

Malvin Horne, Horne Brygge - origod.no

Origod utfører først og fremst maskineringsarbeid – det vil sei boring og dreiing – for Westcon. Dei maskinerar diverse delar, som til dømes flensar til bokskjølarar, propellerdeler, enkelt delar etc. Vi har behov for leverandørar som «snur seg raskt rundt» for å hjelpe oss, og der er  Origod effektive.

Vi er avhengig av lokale leverandørar i vår produksjon, og det er kort veg til Origod. Vi leverer vassborne varme- og kjølesystem over heile landet, der vi fjernar grunnlaget for korrosjon og avleiring. Origod er vår leverandør av rustfrie komponentar, og vi er avhengige av dei for å lukkast i marknaden.