Arbeid og inkludering

Jobbmatchen

Vi som jobbar med Inkludering lanserer ei ny nettside. Den er for deg som ser etter gode tilsette til bedrifta di. Er du i tillegg nysgjerrig på berekraftig rekruttering, så er det full match!

Ta kontakt via JOBBMATCHEN –  det er heilt uforpliktande og gratis for deg som bedrift. Tilbodet blir drifta av bransjeforeininga vår Arbeid & Inkludering.

Vegen tilbake til ein aktiv kvardag

Origod AS har avtale med NAV Vestland om drift av tiltaka VTA , AFT og ARR. Avtalen med NAV om drift av VTA og AFT omfattar til saman 90 tiltaksplasser, 62 for AFT og 28 for VTA. Tiltaksplassane skal nyttast i Sunnfjord og blir administrert og brukt frå våre lokasjonar i Førde og Florø. For tiltaket ARR – Arbeidsrettet Rehabilitering – er Origod AS underleverandør for A2G som held til i Bergen.

Origod sitt mål er å få folk i arbeid

AFT-tiltaket

Arbeidsførebuande trening, skal gi eit tilbod om arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne for personar med nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov. Målsetting er kvalifisering og formidling til ordinært arbeid.

ARR-tiltaket

Arbeidsretta Rehabilitering er eit tilbod til personar som er sjukemelde for å komme fort tilbake til sin eigen jobb eller til ein ny jobb. Kan bestå av livsstilsrettleiing, generell opptrening, arbeidsutprøving, praksis og opplæring hos noverande eller ny arbeidsgjevar.

VTA-tiltaket

Varig Tilrettelagt Arbeid, er eit arbeidsmarknadstiltak som gir eit arbeidstilbod til personar som har problem med å få arbeid innanfor det ordinære arbeidslivet. Tiltaket er retta mot personar med uførepensjon, og med arbeidsoppgåver som er tilpassa den enkelte si yteevne.

Saman jobbar vi mot målet:

Gjennom tiltaka AFT og ARR vil du får tildelt ein jobbkonsulent, som saman med deg  finn vegen vidare framover. Målet vil vere arbeid eller utdanning.

Dette inneber:

  • Avklaring og kartlegging av arbeidssøkjars heilheitlige no-situasjon
  • Karriererettleiing
  • Ulike interne eller eksterne kurs
  • Tilrettelagt opplæring med sikte på å oppnå reell og formell kompetanse
  • Arbeidsutprøving anten i tilrettelagt -og eller skjerma miljø internt, eller:
  • Tilrettelagt arbeidspraksis og oppfølging i ordinært arbeidsliv med sikte på ordinær tilsetting

Arbeidspraksis

Vårt tilbod om kvalifisering (arbeidspraksis/opplæring) bygger på dine interesser, moglegheiter og situasjonen på arbeidsmarknaden.
7 av 10 har praksis/opplæring i andre verksemder og resten på Origod, anten innan til dømes drift, mekanisk eller produksjon.
Ønskjer du fagkompetanse, fagbrev eller delkompetanse? Vi kan skreddarsy opplegg både for ungdom og vaksne, saman med aktuelle lærebedrifter.

Innhald, tidsrammer og økonomiske vilkår m.m. er avhengig av gjeldane regelverk.

Vi har kompetansen og verktøya du treng:

  • Variert yrkes- og utdanningsbakgrunn

Kompetanse innan mellom anna:

  • Arbeid og inkludering
  • Rettleiing og karriererettleiing
  • Motiveringsarbeid, kommunikasjon m.m.
  • Pedagogikk og spesialpedagogikk

Samarbeidspartar:

Origod er NAV sin samarbeidspart og tenesteleverandør innan arbeid og inkludering for utsette grupper. Origod er etablert av det offentlege med formål om å drive attførings- og kvalifiseringstenester.

Vårt mål er å få folk i arbeid:

Origod har over 30 års erfaring med levering av arbeids- og inkluderingstenester til NAV.

Vi er i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre, slik at vi kan bistå arbeidssøkjarar på best mogleg vis. Origod AS er ei kompetansebedrift med medarbeidarar med ulike utdanningar og varierte yrkeserfaringar, og  med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

Tverrfagleg samarbeid er viktig i Origod AS sitt arbeids- og inkluderingsarbeid. Nokre av Origod AS sine samarbeidspartar: NAV, private og offentlege bedrifter, helsetenesta (fastlege, fysioterapeut, psykolog), kommunale tenester (tiltakstenesta, bustadtenesta), vidaregåande skular, opplæringskontor, bedriftshelsetenesta.

Vi samarbeider med ei rekkje bedrifter i Sunnfjord og Kinn kommune om arbeidsutprøving, arbeidspraksis med formål om tilsetting og fagutdanning gjennom lære- og opplæringskontraktar.

Metodar og verktøy i arbeidet

Vi bruker profesjonelle metodar og verktøy i arbeidet vårt, basert på anerkjente teoriar og kognitive metodar. Dette er blant anna karriere- og rettleiingsverktøy, kartleggings og motiveringsmetodar.

Vi gjennomfører ei rekkje kurs på Origod som meistringskurs  ( KIB, KID,DU – kurs utarbeidd av rådet for psykisk helse), jobbsøkarkurs, enkel økonomi, CV kurs mm.

Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og tilboda blir utforma saman med arbeidssøkarane. Alle får tilbod om anonymt å evaluere tenesta dei har mottatt.

Våre tenester er kvalitetssikra i kvalitetssikringssystemet Equass gjennom revisjonar annankvart år sidan 2008. Equass står for European Quality Assuranse in Social Services.

Arbeidsgjevar

Origod samarbeider dagleg med med ei rekkje bedrifter i Sunnfjord og Kinn kommune om levering av tenester innan arbeid og inkludering, og oppfølging av sjukmelde og arbeidssøkjarar. Bedriftene melder om at dei er godt nøgde med den oppfølginga vi gjev, og at det er trygt å samarbeide med Origod.

Inkluderande arbeidsliv: Mange arbeidsgjevarar finn at eit samarbeid med Origod er bra å innarbeide i delmål 2 (vedr. personar med nedsett funksjonsevne) i Samarbeidsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Rekruttering: Mange arbeidsgjevarar opplever at det å samarbeide med Origod er ein trygg og ukomplisert måte å rekruttere på, gjennom at ein blir godt kjend med arbeidssøkjaren gjennom praksisperioden.

Lågare sjukefråver: Mange arbeidsgjevarar får sine tilsette som er sjukmelde, tidlegare i jobb igjen gjennom Arbeidsretta rehabilitering ( ARR)

Våre tenester omfattar

AFT -Arbeidsførebuande trening gjev deg som arbeidsgjevar moglegheit  å prøve ut og lære opp arbeidssøkjarar, før ein gjer ei endeleg avgjerd om tilsetting i bedrifta. Origod gjev oppfølging og bistand til både arbeidssøkar og arbeidgjevar i denne prosessen.

ARR – Arbeidsretta rehabilitering: I løpet av ei makstid på 12 veker kan arbeidsgjevar få bistand i arbeidet med oppfølging av den sjukmelde:

  • Avklare om det er aktuelt å fortsette på arbeidsplassen, i noverande eller ny jobb.
  • Bruke tiltaksperioden til utprøving og evt. tilrettelegging og opplæring, dersom arbeidstakar skal fortsette på arbeidsplassen.
  • Gi veiledning, oppfølging og opplæring til den sjukmelde og ny arbeidsgjevar, dersom det vert naudsynt å skifte arbeidsplass.

RINGER I VANNET er ein rekrutteringsstrategi Origod brukar i sine arbeids- og inkluderingstiltak, der ein kopler saman arbeidssøkjar og arbeidsgjevar. Vi tar utgangspunkt i arbeidsgjevar sine behov for arbeidskraft. Origod er med og sikrar begge partar gjennom prekvalifisering og tett oppfølging både før, under og etter tilsetting.

RINGER I VANNET er eit NHO-prosjekt i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsbedriftene. Ved hjelp av NAV sine tiltak og oppfølging frå Origod kan arbeidsgjevaren prøve ut og lære opp arbeidssøkjaren. Tenestene er gratis for arbeidsgjevar.

Arbeidssøkar

Står du utanfor arbeidslivet og treng hjelp for å komme i arbeid?

Treng du…

  • Yrkeserfaring, opplæring eller arbeidstrening?
  • Fagutdanning eller delkompetanse?
  • Å kombinere arbeidspraksis og undervisning?
  • Å få prøve deg i arbeid?
  • Å få avklare forholdet ditt til arbeidslivet?
  • Karriererettleiing for å finne ut av yrke- eller utdanningsval?
  • Rettleiing og opplæring i jobbsøking?
  • Rettleiing og oppfølging i samband med langtidssjukemelding?
  • Råd og rettleiing til kosthaldsendring og fysisk aktivitet?

Eller treng du kort og godt hjelp til å finne ein arbeidsplass for å komme i gong?
Då er kanskje Origod det rette for deg!