Havglytt

Origod AS har driftsavtale med Flora kommune om drift av Havglytt. Origod leiger bygning og eigedom av Stiftelsen Havglytt. Dei som jobbar  på senteret er tilsette i Origod og senteret er ei avdeling i Origod AS.

Driftsavtalen omfattar all aktivitet ved senteret, som kafédrift og  andre aktivitetar samt utleige. I tillegg er det andre tenester ved senteret, som t.d. frisør, fotpleie, massasje m.m.

Havglytt er et tilbod til unge og eldre seniorar og alle andre.

Senteret har en kafé som er open for alle. Der kan du kjøpe rimelig og god middag, og mykje anna god heimelaga mat. Ein kan også bestille heimelaga kaker, rundstykker og snittar m.m.

Du kan godt berre komme og vere her, prate med folk, slappe av og lese dagens aviser. Vi har mange aktivitetar du kan delta på om du har lyst, sjå aktivitetsplan for Havglytt.

Utleige

Vi leiger ut / lagar til lokale til kurs og møter. Elles leiger vi ut lokale til ulike private arrangement som barnedåp, bryllaup og liknande. Utstyr for dekking til ca. 100 personar.

Vi har også lokale for langtidsleige.