BUA flyttar inn på Havglytt

Treng du utstyr til ein campingtur, skøyter til dei dagane Storevatnet er trygt, utstyr til skidag på skulen eller vil padle på SUP-brett om sommaren? BUA Florø har det du treng. No har utlånssentralen flytta til eit større lokale på Havglytt og utvidar samtidig opningstidene sine.

Det var litt av ein prosess å flytte alt utstyret opp hit, men no er vi endeleg på plass, smilar Leni Anita Notø. BUA har no fått eit større lokale i kjellaren på Havglytt, med hyller til ski- og slalomsko, telt og anna friluftsutstyr. På sikt ser vi på at den mekaniske avdelinga i Origod fiksar ei god løysing for å henge og sortere ski etter størrelse. På denne måten får besøkande full oversikt over kva utstyr som er tilgjengeleg, seier ho.

Tidlegare var BUA opne berre to timar i veka. Med nye drivarar og større lokale vert opningstidene utvida. Vi skal ha opent frå klokka 10 til 15 i kvardagane og kjem til å bruke BUA som ein arena for arbeidstrening for dei som treng det. Det er kanskje ikkje alltid folk nede på BUA, men då er det berre å gå opp i kaféen og be om hjelp. I tillegg står det telefonnummer på døra som du enkelt kan kontakte, fortel Leni Anita.

Kva er BUA?

BUA er ein gratis utlånssentral for sports- og fritidsutstyr. Målet er å gjere aktivitetar tilgjengelege for alle, fremme inkludering og motverke utanforskap. Det einaste du treng er bustadadresse i Noreg og eit norsk mobilnummer. For å kome i gang opprettar du ein låneprofil på bua.no, finn BUA Florø eller ei avdeling der du bur, og reserver utstyr. Dette er heilt gratis. På nettsida finn du også enkelt ei oversikt på kva utstyr du kan låne.

Den nye adressa til BUA er Hans Blomgate 10, med inngang i kjellaren på Havglytt. Her kan du også parkere gratis når du besøker utlånssentralen.

Fekk låne slalomski

BUA er allereie eit godt etablert tilbod som vert brukt flittig av innbyggarane i Florø. Karolina var ei av dei som var innom BUA for å låne eit par slalomski og fekk god hjelp til å finne eit sett som ho kunne bruke. Sjølv om slalomskoen viste 46,5 i størrelse, har BUA ski med justerbare bindingar som passar mange størrelsar. No har vi ein del varer på utlån etter påskeferien som blir levert inn dei neste dagane, utdjupar Leni.

Gjer deg klar til neste naturoppleving

BUA Florø er open for alle og Leni Anita oppmodar folk til å stikke innom, anten dei treng utstyr til ein tur i fjellet, ein dag på isen eller ein sommardag på sjøen. Vi ønskjer at flest mogleg skal få oppleve gleda av å bruke naturen, uavhengig av kva dei har i lomma. Det kostar ingenting å låne, og det einaste du treng er å registrere deg på bua.no. Så er du klar for neste eventyr, smiler ho.

Har du spørsmål?

Kontakt Leni Anita Notø

T: 919 03 869 // E: leni.noto@origod.no

KONTAKTSIDE