FRAM

Fellesskap • Relasjoner • Ansvar • Medvirkning

I dag er det over 160 personar mellom 16 og 29 år som ikkje er i jobb eller skule i Kinn kommune. I FRAM-prosjektet skal vi tenne gnisten som får ungdommen til å gå vidare og finne meistring i livet. Her får dei rom til å bygge opp kvardagen steg for steg i eit tempo som passar for dei.

Slik fungerer det

FRAM held til på aktivitetshuset Havglytt i sentrum av Florø, ein open og trygg base der alle er velkommen. Herifrå går du gjennom tre steg:

  1. Finn ein rytme: Etablere ein struktur og noko å stå opp til.
  2. Prøv deg fram: Utvikle praktiske og sosiale oppgåver, som gir deg meistring og nye vennskap.
  3. Bygg kompetanse: Utvikle ferdigheitene du har. Når du er klar hjelper vi deg vidare mot utdanning eller jobb.

Vegen blir laga saman med ein rettleiar. Det er deltakaren som er med og bestemmer kva som skal skje.

Nytt frå FRAM-prosjektet

Leni Anita Notø - origod.no

Aktivitetar

Aktivitetane i FRAM spenner frå daglege turar og faste rutinar til meir praktiske oppgåver som strandrydding og arbeid i utlånsordninga BUA. Fleire frivillige lag og organisasjonar er alt i sving på Havglytt. Alle aktivitetar blir planlagt saman med deltakarane, slik at dei kjenner seg trygge, får meistringskjensle og gradvis kan ta på seg meir ansvar.

Havglytt • origod.no

Vi høyrer gjerne fra deg

Har du spørsmål, eller ønskjer de å høyre meir om korleis de kan bli med i FRAM? Ta kontakt med oss, så finn vi ut av det saman.

Leni Anita Notø - origod.no

Leni Anita Notø

Leiar AFT Florø

Trine Hansen

Prosjektmedarbeidar FRAM