FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

På måndagar er det fysisk aktivitet i sentrum med både seniortrim med Veronica Breivik på dagtid og yoga på kveldstid, med indiske Shree som yogainstruktør.
Tysdag er det «Mannadrøs» i kafeen. Dette er ein møteplass for menn i alle aldrar der den gode samtalen over ein kopp kaffi, står i fokus. Men det er visst ikkje berre drøsing karane held på med:
– Det var på tide med eit strøk maling i kafeen, så vi satt gjengen i sving etter at dei var «drøsa» ferdig. No er det blitt enda kjekkare å vere her, smiler Leni Anita.
Strikk for å glede andre
Onsdag finn vi ein strikkeglad gjeng som strikkar for å glede andre. Mellom anna strikkast det luer til dei aller minste på fødeavdelinga på sjukehuset. Dersom du ikkje meistrar strikkepinnen, og stemma er ditt føretrekte instrument, kan du bli med koret Sangglede i festsalen kvar onsdag.
Yoga er populært på Havglytt og om du ikkje fekk nok downward dog på måndag, så er det også senioryoga med Margunn Sol på torsdagar. Etter økta får du raspeballmiddag i kafeen og ønskjer du meir trim kan du hive deg med på ein spasertur med Florø Revmatikarlag.
Siste fredag i månaden får du også anledning til å trimme hjernen:
– Vi har lågterskel quiz der vi legg ut quizark på borda og byr på god mat i kafeen. Her er alle velkomne for ein kjekk start på helga, fortel damene.
Det finst aktivitetar for alle og heile aktivitetskalenderen finn du her:
Havglytt er også basen til Origod sitt FRAM-prosjekt. I 2025 var det 163 personar mellom 16 og 29 år, som ikkje er i jobb eller skule/utdanning i Kinn kommune. Gjennom meiningsfullt fellesskap, gode relasjonar, faglege og sosiale ferdigheiter og jobbtrening skal dei føle meistringskjensle. Trine legg vekt på at det skal vere ein stad der terskelen er låg og alle er velkomne.
– Du kjem ikkje til å bli avvist her. Uansett kven du er og kva du har i bagasjen, er det rom til deg, seier ho.
Dei som er ein del av FRAM-prosjektet får tilgang til ulike kreative stasjonar på Havglytt. I kjellaren finn du snikkarverkstaden, perfekt for deg som vil lage eller reparere ting i tre. Her er også eit eige rom for måling, for dei som liker å vere kreative med fargar og pensel. I hovudetasjen er det rom for sosialt samvær og handarbeid. Her kan du sy, strikke og kanskje lære noko nytt frå dei andre rundt bordet. På syrommet er for tida Raiza fra Afghanistan i full sving med å sy gardiner til dei andre kreative romma.
– Vi har både utstyr og folk som kan hjelpe deg i gang. Og for deg som liker litt vennskapleg konkurranse: her er både brettspel, bordtennis og dart. No har vi fått eigen pizzaovn, så då skal vi få laga oss ei lita pizzabule i kjellaren, seier Leni Anita med stor entusiasme.
Det er med andre ord noko for alle på aktivitetshuset Havglytt og her er alle velkommen!
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
