FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

– Vi har lang erfaring med all slags vedlikehald av eigedom og gjer jobbar både for det offentlege, næringslivet og for private. Vi tilbyr stell av hage, fasadevask, fjerne lauv, reinse takrenner, trefelling og hente- og bringetenester, fortel Jon Ole Solheim, driftsleiar i Origod.
Dei er opptekne av å ikkje gå i næringa på andre bedrifter i Florø, men ser at dei fleste av desse tenestene ikkje tilbys av andre lokalt. Til dømes mindre transportoppdrag:
– Har du bestilt deg eit møbel, men ingen moglegheit for å få frakta det heim? Vi tek det for deg, og vi kan også ta med den gamle sofaen din i retur, smiler Jon Ole.
Dei som gjer jobben er på arbeidstrening og då handlar det ikkje berre om sjølve oppgåva. Det handlar også om samarbeid, ansvarskjensle og kontakt med kundar:
– Vi er opptekne av at dei skal kjenne meistring. Dette kan til dømes vere at dei sjølv ringer til ein kunde vi har oppdrag hos for å informere at vi er på veg til dei. Dette gir ei kjensle av ansvar, fortel Jon Ole.
Bestiller du tenester hos Origod får du altså ikkje berre utført vedlikehald, men du bidreg også til å skape ein viktig arbeidsarena som gjer verdifull erfaring. Det er vinn-vinn for alle.
Har du peis heime, så må du sjå til at vedlageret er fylt opp for sesongen. Her kan du få god hjelp av vedkongen på Origod, Dan Fredheim. Det er fast pris og gratis levering av 40-literssekk med ved:
– Kvar sekk veg 15 kg, og på det meste leverer eg ut 100 sekkar på ein dag. Då er eg godt sliten. I løpet av eit år blir det rundt 2000 sekkar, som skal lastast og lossast. Eg slepp å drive med vektløfting, smiler Dan nøgd.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
