Stor aktør i eigen nisje

Origod si produksjonsavdeling i Førde produserer elektroniske skyteskiver for Megalink og desse leverast til både Forsvaret og skyttarlag over heile landet.

Megalink, som er lokalisert i Drøbak, vart etablert i samarbeid med Firda Produkt (seinare Mentro og Origod) på slutten av 80-talet. Anders Tidemansen og Leif Bakken var sentrale personar i utviklinga. Tidemansen var sjølv ein aktiv skyttar og målet var å gi skyttarane verktøya dei trong for å prestere sitt beste.

– Når ein først byrja å produsere skyteskivene vart det brukt forskalingsplater som var fulle av spiker og sement. No bruker vi bjørkefiner og limtre slik at kvaliteten blir av ypparste kvalitet. Det krevst mange prosessar og eit nøyaktig arbeid å lage elektroniske skyteskiver. Dei som jobbar her er dedikerte til arbeidsoppgåvene sine, og vi er stolte av produkta vi leverer frå oss, seier Raimund Chscanovic, som er arbeidsleiar og CNC-maskinoperatør på treverkstaden i Førde.

I løpet av eit år produserer dei mellom 700 og 1000 skyteskiver. Skyttarlaga brukar dei på treningsbaner landet over og Forsvaret bruker dei til trening. Skyteskivene har sensorar som koplast til ein skjerm, som då viser kvar ein treff.

– Det er berre vi i Origod som leverer akkurat denne typen skyteskiver til Megalink, og for nokre år sidan kom det ei bestilling på over 300 skyteskiver som skulle til Forsvaret. Vi produserer også kulefangarar som kan festast bak skyteskivene, fortel han.

Frå manuelt arbeid til automatikk

I 2022 fekk dei på plass ny CNC-maskin, nærare bestemt ein ROVER 1542-A. Maskina brukar roterande verktøy til å skjere, frese og forme materiale med høg presisjon. Raimund har hovudansvaret for denne og han fortel at arbeidskvardagen har blitt både lettare og kjekkare:

– På maskina vi hadde før måtte alt stillast inn manuelt kvar gong. No teiknar eg produkta ved hjelp av 3D CAD-programvare og så produserer maskina delane. Det betyr at eg no får jobba meir med teikning, programmering og styring av maskina, og på den måten får eg også eksperimentert meir, fortel arbeidsleiaren.

Raimund har vore lenge i Origod. Han kom til Noreg frå Litauen i 2010, og det var sesongarbeid i det som den gongen heitte Nærtenesten som gjorde at det vart akkurat Florø. Han vart verande og i 2019 gjekk han over til Origod i Førde, då på treverkstaden.

– Då eg først kom til Florø var det mykje kursing, mellom anna norskkurs og truckopplæring. Seinare har eg tatt fagbrev i CNC-maskineringsfaget og då sa fagprøvenemnda sa at det er den beste fagprøva dei har vurdert i CNC-maskinfaget og at det var i ein eige klasse. Eg er takksam for å ha fått mange moglegheiter, smiler han.

Ikkje redd for ei utfordring

Sjølv om Origod si produksjonsavdeling i Førde har hovudfokus på skyteskivene, så tilbyr dei eit breitt spekter av produkt. Du har kanskje sett skåpa med avfallsposane i butikkane i Sunnfjord kommune? Origod har både laga dei og er ansvarlege for å fylle dei opp. Elles driv dei snikkarverkstad, skiltgravering, treprodukt og reparasjon. På verkstaden er gjengen klare for fleire oppdrag, og dei er ikkje redd for å ta fatt på nye utfordringar:

– Vi er glad i å bryne oss på ting. Det er kjekt å prøve seg fram og finne løysingar saman. Vi finner alltid ut av det, seier Raimund.

Det er tydeleg at Raimund og dei ti andre som jobbar på verkstaden trivst godt i arbeidskvardagen sin:

– Det er eit godt miljø og eg jobbar med ein fin gjeng. Her betyr det ingenting kva for stilling du har i bedrifta, alle snakkar saman og alle bryr seg om kvarandre. Det liker eg, avsluttar han med stoltheit i stemma.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE