Stafett for livet

Laurdag 5. september 2026 vart Kreftforeininga sin «Stafett for livet» arrangert i Førde for femte gong. 32 lag og vel 2200 registrerte deltakarar gjekk i 24 timar for å sette fokus på kreft. Ein av primus motorane bak arrangementet er Arnhild Mallasvik, avdelingsleiar for AFT på Origod i Førde. For Arnhild har arrangementet gitt glede og vore ein måte å heidre si dotter på.

Mista dotter til kreft

I 2017 opplevde Arnhild og mannen Torbjørn det ingen foreldre skal oppleve. Dei miste si 17 år gamle dotter Amalie til kreft. Amalie fekk akutt leukemi 17. mai 2017 og berre tre månader seinare, 30. august 2017, døydde ho, altfor ung. Både ho og mannen har vore opne om tapet og sorga:

– At vi har valt å vere så opne, har vore til stor hjelp for både oss og dei rundt oss. Det opnar opp for at andre tør å ta kontakt med oss. Det er ikkje farleg å snakke saman, fortel ho.

Dei deltok i sorggrupper etter at Amalie døydde og møtte foreldrepar som mange år seinare framleis ikkje klarte å vere i jobb eller fungere i dagleglivet. Då kjende dei begge på at slik kunne dei ikkje ha det. I starten av 2018 kom Arnhild sakte, men sikkert tilbake på jobb. Etter kvart engasjerte ho seg i Kreftforeininga sin temakafé i Førde og vart leiar for denne:

– Det handla om eit behov for å gi tilbake. Eg ville gjere noko givande, forklarar Arnhild.

Amalie var ei aktiv og sprek jente. No hedrar mor Arnhild Mallasvik ho med «Stafett for livet». Foto nr 2: Louise Kristine Moen Jagedal

Alle har si historie

Det var i forbindelse med hennar engasjement i temakaféen at ho seinare vart kontakta av Kreftforeininga:

– Håkon Larsson-Fedde i Kreftforeininga Hordaland tok kontakt for å høyre om eg kunne tenkje meg å få i gang «Stafett for livet» i Førde. Det kjendest som den rette måten å heidre Amalie på, fortel ho.

«Stafett for livet» er ein stafett som har blitt arrangert fleire stadar i landet sidan 2017. Den varar i 24 timar for å symbolisere at kreft aldri tek fri. Kvart lag som er påmeldt har si historie, anten dei spring for ein kollega eller eit familiemedlem som har blitt ramma av kreft. Arnhild og Torbjørn etablerte eit eige lag for Amalie.

– Laget «Amalie i mitt hjerte» blei oppretta i forbindelse med Bergen City Maraton i 2018, og lagsnavnet blir brukt i mange idrettssamanhenger, også på «Stafett for livet». I år var vi 33 personar på laget, beståande av familie, venner og kollegaer. Tidlegare har også foreldra mine deltatt. Sist gang trilla far på 97 år mor på 96 år, rundt i rullestol, runde etter runde, så dette er eit arrangement for alle aldrar, utdjup Arnhild.

Stemningsfull lysseremoni

Stafettane landet over har alle den same ramma med mellom anna opningsseremoni, underhaldning og appellar og lysseremoni:

– Lysseremonien er heilt spesiell. Denne skjer når mørket fell på. Då stoppar alle opp, det er musikkinnslag, og dekorerte lysposar vert plassert i eit hjarte som lyser i mørket. Her minnes vi dei vi har mista og viser støtte til dei som står i ein kreftsjukdom. Det er utruleg stemningsfullt, seier Arnhild.

Når mørket senker seg startar lysseremonien, som opnar for ei heilt spesiell stemning utover natta. På nattestid kjem det mange gode samtalar fram mellom deltakarane på bana. Foto nr 1 og 2: Louise Kristine Moen Jagedal

Vil leve, ikkje berre overleve

Sjølv fortel Arnhild at trening har blitt hennar terapi:

– Det er min måte å overleve på. Eg jaktar på glede, og ønskjer å leve heller enn å berre overleve. Amalie var sprek og sterk, ho hadde ikkje blitt stolt av oss om vi berre la oss ned, seier ho.

Origod er ein av mange sponsorar for stafetten og Arnhild er tydeleg på kor viktige sponsorane er:

– Nærlingslivet er utruleg viktig og heilt avgjerande for å få gjennomført arrangementet. Arrangørgruppa vår jobbar rein dugnad og det ligg mange timar med arbeid bak.

Men det kostar ikkje berre på arrangørsida. Arrangementet er lagt nær Amalie sin dødsdag og det krev energi og kapasitet å halde seg sjølv oppe, samtidig som ein skal avvikle eit stort arrangement:

– Då kjenner eg på alle følelsane. Eg er veldig stolt av det vi har fått til og dette betyr mykje for veldig mange, avsluttar ho.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE