Kariann Loen Nataas er jobbrettleiar i Origod og hjelper menneske med å finne sin arbeidsplass.
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Kariann Loen Nataas er jobbrettleiar i Origod og hjelper menneske med å finne sin arbeidsplass.
Kariann Loen Nataas er jobbrettleiar i Origod og hjelper menneske med å finne sin arbeidsplass.
Kariann Loen Nataas er jobbrettleiar på Origod sitt kontor i Førde og hjelper menneske med å finne eit langvarig arbeidsforhold. Sidan november 2024 har ho vore ein del av oppfølgingsteamet, som består av seks tilsette. Eg har tidlegare jobba som butikkleiar og personalsjef. Oppfølging av menneske og bygge relasjonar var det eg synast var kjekkast i jobben og derfor er det givande å komme inn i ein jobb der eg får reindyrka relasjonsbygging, seier Kariann.
Ei bru mellom arbeidsøkar og næringslivet
På oppdrag frå NAV hjelper oppfølgingsteamet ved Origod personar i Florø og Sunnfjord med å finne langvarige arbeidsforhold hos bedrifter. Målet er å komme i ordinært lønna arbeid gjennom tilpassa rettleiing og god oppfølging. Dei som kjem til oss er motiverte og ønsker å kome seg ut i arbeidslivet igjen, fortel Kariann.
Kartlegg kva deltakaren kan bidra med
Til ei kvar tid følger Kariann opp 13 personar, også kalla for deltakarar. Det er viktig å skape ein god dialog slik at vi kjenner deltakaren godt. Vi brukar god tid på å kartlegge deltakarane våre, og eg likar å seie at vi skynder oss litt langsomt. Med dette meiner eg at målet sjølvsagt er lønna arbeid, men for å kome oss dit må vi ta oss tid til å bli skikkelig kjent med kvar deltakar og kompetansen dei har, styrker og svakheiter og ikkje minst kva dei verkeleg ønskjer å jobbe med. Når vi veit alt dette, så er vi godt rusta til å hjelpe deltakeren å finne en god jobbmatch, utdjup ho.
Bygger relasjonar med tre koppar te
Relasjonar er nøkkelen for å lukkast. Det er eit krav frå NAV om at minst 70 prosent av deltakarane våre skal kome ut i langvarig arbeid. Da er det viktig at vi får til ein god match for både deltakaren og bedrifta, seier Kariann.
Origod brukar i oppfølgingstiltaket «tre koppar te»-metoden for å bygge gode relasjonar til bedriftene over tid. Metoden går ut på å bruke tre møter (koppar te) for å bli kjent, kartlegge behov og presentere ein mogleg ny arbeidstakar. Når jobbrettleiarane kjenner bedrifta godt, er det mykje enklare å finne deltakarar som passar inn både fagleg og personleg.
Den første koppen er eit møte der jobbrettleiar og bedrift introduserer seg og blir kjente. Jobbrettleiaren fortel kva dei kan hjelpe med, og bedrifta fortel om kva dei gjer og kva utfordringar dei har. I det neste møtet går ein meir inn i detalj for å forstå kva bedrifta treng. Vi snakkar om konkrete arbeidsoppgåver, behov og kompetansekrav for å kunne jobbe i bedrifta. Målet med dette møtet er å avdekke kva oppgåver ein potensiell deltakar kan bidra med, forklarar Kariann.
Vi ser at bedriftene er opptatt av personlege eigenskapar, som at ein er påliteleg, motivert og har ei god haldning. Om ein deltakar har dei personlege eigenskapane og kompetansen som ei bedrift treng, så presenterer vi deltakaren i det tredje møtet. Dette er for å sikre at det er ein god match for begge partar, og at bedrifta opplever at vi forstår behova dei har. Det siste møtet er òg viktig for å holde relasjonen med bedrifta varm, slik at dei tar kontakt med oss når dei treng fleire tilsette, fortel Kariann.
Arbeidet stoppar ikkje etter tilsetting
Jobben til Origod er ikkje ferdig etter at ein deltakar er komen i arbeid. Då følger dei opp både deltakar og bedrift i ein periode for å sikre at det framleis er ein god match. Det er ofte i starten av eit arbeidsforhold at det dukkar opp spørsmål eller utfordringar. Nokre gongar handlar det om å justere arbeidsoppgåver, andre gongar kan det vere behov for litt ekstra støtte eller rettleiing. Målet er at deltakaren skal trivast og bli verande i jobben over tid.
Eit samspel som gagnar alle
Metodikken Kariann og dei andre jobbrettleiarane brukar gir resultat. Minst 70 prosent av kandidatane våre kjem ut i fast og langvarig arbeid. Når vi har etablert eit godt forhold med ei bedrift, så kjem dei gjerne tilbake igjen og igjen for å få hjelp til å finne gode arbeidstakarar. Då får vi eit samspel som gir effektiv og målretta rekruttering for bedrifta, vi kan få enda fleire ut i arbeid og deltakarar finner seg ein jobb med meining. Det er vinn-vinn for alle partar, fortel ho.
Når deltakaren finn ein arbeidsplass der dei får bruke ressursane sine, skapar det verdi både for den enkelte og bedrifta. Det er det som er så kjekt med jobben. Å oppleve mennesker som finn vegen inn i arbeidslivet er utruleg givande arbeid, avsluttar Kariann med.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
