• Origod der Framover og aukar aktiviteten - origod.no

OPPFØLGING

Nytilsette i nytt tiltak i Origod
Frida Risan, May Linn Espeseth, Vibeke Lillestøl, Kariann Loen-Nataas og Trine Heggheim.

Origod ser Framover og aukar aktiviteten

Pressemelding frå Origod november 2024

Origod Holding endrar namn til Origod Fram AS.

Det nye selskapet skal framleis vere eigedomsselskap, men vi har samstundes valt å legge den kommersielle aktiviteten vår i Fram. For Origod AS er det ingen endring

-Hovudgrunnen til at vi gjer dette er fordi at staten krev at vi skal ha eit tydeleg skilje mellom vår førehandsgodkjente aktivitet og arbeid som vi utfører i anbodsutsett aktivitet. Sjølv om det stort sett er NAV vi utfører tenester for, så er nokre av dei tildelt oss direkte mens andre vinn vi gjennom anbod. Her må vi ha eit tydeleg økonomisk skilje.

NYTT TILTAK – NYE FOLK
Frå august skal Origod Fram blant anna utføre eit nytt tiltak og vi arbeider i desse dagar med å tilsette nye folk i Florø og Førde. Så langt er vi fem nye medarbeidarar og ser etter den sjette.

-Vi har vore heldige så langt og rekruttert svært dyktige medarbeidarar som har erfaring frå bransjen. I utgangspunktet skulle vi vere fem, men innsøket frå NAV er så stort at vi må ha fleire tilsette.

Sjølv om Origod no har tilsette i to ulike firma vil ikkje deltakarane og Origod sine kundar merke noko stor forskjell.

Folk vil fortsatt kjenne selskapet slik dei alltid har gjort og endringane går mest på organisering. Begge selskapa vil også vere lokalisert på same stad og vi vil trekke vekslar på at vi blir eit større kunnskapsmiljø.

Origod har i 49 år jobba mot utanforskap og no skal vi legge enno meir innsats i dette arbeidet.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE