FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Lenitha Brandsøy Hatleseth fekk fagbrev i frisørfaget i fjor sommar. Allereie då byrja tanken om å starte noko eige å modne.
Eg har lenge hatt ein draum om å starte eigen frisørsalong, og tok kontakt med Havglytt i fjor sommar. Det er eit stort steg å starte for seg sjølv, og i desember bestemte eg meg for å satse og signerte på leigekontrakt, fortel ho.
2. mars vart draumen realisert med storopning av Bølgen Frisør. Ordrebøkene har allereie begynt å fylle seg opp med både faste og nye kundar. For nokre er det også litt prosentar å hente; Er du over 70 år eller har honnørbevis, får du 10 % rabatt på alle behandlingar i salongen.
Framover skal Bølgen Frisør ha opent seks dagar i veka, med søndag som fridag. Du kan booke frisørtime hos Lenitha på bolgenfrisor.no, i fixit-appen eller ringe 57 74 20 20.
Marius Salte og Sivert Skarstein starta med å klippe kompisar heime. I starten var dei bekjente og ei felles interesse i frisering gjorde at gutane etterkvart blei gode vener.
Vi starta med å kaste ball fram og tilbake på korleis vi kunne bli betre. Etterkvart blei vi ganske gode vener og på eit tidspunkt lufta eg tanken om å gå saman for å starte ein barber-shop. Eg måtte jobbe litt med Sivert for å få han med, fortel Marius med eit smil.
Etter å ha sett på fleire lokale landa dei til slutt på Havglytt. Salongen har fått nokre strøk maling, stilig belysning og eit bilete frå den lokale kunstnaren HKI prydar veggen. No har dei hatt opent i tre veker og merkar effekten av å vere i eit bygg med mykje aktivitet.
Samlokalisering gir auka kundemasse
Vi hadde allereie ein kundemasse på rundt 200 personar før vi flytta hit, alt frå fem år til dei over 50. Det har komt nokre potensielle kundar innom fordi dei er på huset, og ser at dei kan få seg ein klipp når dei først er her, fortel Sivert.
Marius satsar fullt på West Cutz, medan kollegaen Sivert kombinerar arbeidet i salongen med skule.
Ønsker du deg ein fresh fade, kan du ta turen innom West Cutz, som har opent mandag – lørdag frå klokka 9 om morgonen og utover kvelden. Booking av time gjer du på westcutz.no.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
