Terje Hillersøy - origod.no

Tilbake i samfunnet

Den tidlegare narkomane Terje Hillersøy levde i utanforskap i lang tid. Han sleit med angst, depresjon, var redd for kjærleiken og hata seg sjølv. I dag er han rusfri, og jobbar på Origod. No lever han for rusen frå trening og å halde foredrag om rusproblematikken.

Eg var veldig uroleg på ungdomsskulen. Eg hadde mykje angst, og fekk ikkje med meg noko av det som skjedde i timane. I tillegg syns eg det var vanskeleg å finne ut kva eg ville jobbe med. Gymnaset ville eg i alle fall ikkje begynne på, for der var det for mange ukjende folk. Så eg begynte på rørleggarlinja, for på den tida låg den ute i Gunhildsvågen. Vekke frå alle dei ukjende folka. Det likte eg. Men så vart rørleggarlinja flytta dit den vidaregåande skulen ligg, og då begynte eg å slite. Det var altfor mykje folk, og det enda med at eg slutta på skulen, fortel Terje.

Etter dette gjekk det nedover for Terje. I 20 åra starta han å ruse seg, og hamna utanfor samfunnet. Til slutt kom han inn i narkotikadomstols-programmet og fekk hjelp til å slutte med rusen. Eit samspel mellom fleire aktørar var avgjerande for at Terje vart rusfri og kom seg ut i jobb.

Fekk jobb i Origod

Eg hadde eit ansvarsmøte med NAV, ruspsykiatrien, fastlege og psykolog. Eg hadde lyst til å søke jobb, men var redd. Då foreslo NAV at vi kunne sende ein søknad til Origod, og at det ville ta 3 – 4 månadar før vi fekk svar. Det tenkte eg var så langt fram i tid at det ikkje gjorde noko. Men så enda det med at eg fekk jobb hos Origod tre dagar etter at søknaden var sendt.

Arbeid gjer godt

No har eg jobba på Origod i over fem år og køyrer «matteruta» rundt til bedrifter. Her hentar eg dei skitne mattene som eg bytter ut med nye og reine. Eg er min egen sjef når eg køyrer rundt til bedriftene og ordnar for dei. Det er berre eg og bilen min. Arbeidet har vore bra for meg. Då eg starta i jobben var eg veldig redd folk og såg ned i bakken når eg besøkte bedriftene. No er eg ikkje redd lenger, og slår gjerne av ein prat med folka eg møter. Eg har innsett at folk ikkje er farlege, fortel Terje.

Skitprat og trening

Kollegaene på Origod er ein viktig del av livet til Terje. Nærast dagleg samlar dei seg ein time før arbeidsdagen startar for å ta ein kopp kaffi i lag, og snakke om alt mellom himmel og jord. Vi spøker med at vi løyser verdsproblem. Utanom jobb og sosiale møter er trening god terapi. Florø Sykkelklubb er viktig for at eg er her eg er no, smiler Terje.

Held foredrag om rushistoria si

For Terje har det vore viktig å bli eksponert for fryktene sine. På den måten har han innsett at dei fleste fryktene ikkje er farlege. Ein av måtane han tek tak i dette på er å halde foredrag. Det er det skumlaste eg gjer, for det er jo så mange folk som skal både høyre og sjå på meg. Men det gir meg ein rus og ei glede som ikkje kan samanliknast med noko anna. Eg er på ein god plass hos Origod og i livet.

Terje Hillersøy presentasjon konferanse - origod.no

Under foredraga til Terje Hillersøy fortel han rått og ufiltrert om livet som narkoman – også under Origod sin eigen jubileumskonferanse.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE