FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Det krev mykje mannskap og god logistikk, og vi er svært glade og fornøgde med samarbeidet. Origod køyrer faste intervall, der dei er rundt til dei ytre delane av området annankvar veke. I sjølve Førde og nærområdet fyller dei oftare på.
Tidlegare leverte vi ut ekstra sekkar med renovasjonsbilane, men det var ei tungvint ordning, og folk fekk til dømes ein rull med plastsekkar i året. No kan folk plukke med seg det dei treng etter behov, hos butikkane. Det er også med og sikrar betre sortering, forklarar Harald. Origod fører statistikk over det dei leverer ut og har full kontroll på kva som trengs på dei ulike stasjonane.
Vi ser at det kanskje kan bli behov for å auke intervalla med utdeling av sorteringsmateriale, og er veldig fornøgde med at Origod er så fleksible. Om vi får melding om at det er tomt ein plass, er dei ikkje vanskelege å be. Vi har faste kontaktpersonar på produksjonsavdelinga i Førde, og er veldig fornøgde etter fyrste året med ordninga. Som sagt så sparer det oss for mykje arbeid.
Den nye gebyrmodellen gjer det ekstra viktig for folk å ha kontroll på kor mykje og ofte dei leverer boss til oss, forklarar Harald. Den rettferdige betalingsmodellen, er basert på prinsippet om at ein betalar etter kor mykje ein kastar. På stativa i butikkane kan ein hente emballasje til plastavfall, matavfall og på sikt batteriposar. I tillegg kan ein hente seg krok til plastsekkane og såkalla stafettpinnar. Desse gule pinnane skal hengast på avfallsdunkane når dei ikkje skal tømmast. Veldig praktisk om dunken har fast oppstillingsplass.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

Eit herleg kaos med meining