FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Oppfølging er for jobbsøkarar som i kortare eller lengre tid har stått utanfor arbeidslivet, eller for dei som skal tilbake til arbeid hos eigen arbeidsgjevar. Jobben vår er å gi arbeidssøkarar individuell støtte og rettleiing på veg tilbake i arbeid.
Jobbmatch er eit viktig stikkord for Vibeke og teamet. Vi er opptatt av skreddarsaum, og gir karriererettleiing og hjelp til yrkesval tilpassa den enkelte. Ein viktig del av oppgåvene våre er jobbsøkarkompetanse. Det betyr at vi kursar deltakarane våre i både jobbintervju og å skrive søknad.
For å få ein god match jobbar vi mykje opp mot den opne arbeidsmarknaden, men også det vi kallar den skjulte arbeidsmarknaden, i lag med bedriftene. Det betyr å finne stillingar som ikkje blir utlyst, men som kan matche deltakar og bedrift. Det treng ikkje alltid å vere ein 100 % stilling, for alle kan ikkje jobbe fulltid. I startfasen av eit arbeidsforhold har vi ofte ein jobbstøttefase der vi gjev støtte og rettleiing til både søkjar og arbeidsgjevar.
Vi har ei ramme på 50 personar i vårt distrikt og målkravet frå NAV er at 70 % skal gå til ordinært lønna arbeid, med ulike stillingsprosentar. Vi jobbar hardt for å klare dette. Det å sjå at folk lukkast og får ein ny giv som arbeidstakar er den største motivasjonen vår. Å få vere i eit arbeidsfellesskap og å bidra i samfunnet er utruleg viktig for oss alle. Dette er sjølve drivkrafta vår og vi feirar kvar gong vi lukkast, smiler Vibeke.
Bedriftene er veldig viktige samarbeidspartar for oss, og vi oppsøker gjerne kvarandre. Dei er ofte flinke til å fortelje om seg sjølve, slik at vi får eit godt bilde av kva dei treng. Vi er avhengige av at næringslivet og kommunane tek sitt samfunnsansvar. Det er ekstra kjekt når bedrifter ringer oss og etterspør personar med den og den kompetansen. Vi må skaffe folk jobb der dei bur, og har ofte deltakarane med på bedriftsbesøk slik at dei kan kjenne seg trygge på at dette er rett, og at dei er motiverte til å gjere jobben.
Ein ting er sikkert, avsluttar Vibeke; Om folk er motiverte til å komme ut i arbeid så møter dei folk hos Origod som er ekstremt motiverte til å hjelpe dei. Det er drivkrafta vår!
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no