Petter Refsnes på verkstaden i Florø saman med Frode Ryland, Geir Ove Pedersen, Roy Pedersen, Mikael Eriksson, Jim ­Sørstrand, Gaute Barstad, Raphiphat Disungnoen (Boom). Foto: Photoevent. 

Positiv utvikling gjennom 50 år

Petter Refsnes er for mange i Florø assosiert med Origod og lokalpolitikken.

Han ­jobba i 36 år i bedrifta i Havreneset, men Vågsøyværingen starta yrkeskarriera si som fiskar. Etter 1 år på sjøen begynte han som platearbeidar på Ankerløkken Verft i Florø. Eg har inga utdanning utover gymnaset, fortel Petter. Han stifta tidleg familie og bygde hus i Florø, og då vart det ikkje tid og anledning til meir skulegang. 

Petter starta på Ankerløkken i 1973, og var der fram til heile staben vart permittert i 1983. ­Etter det vart det halvanna år med dag- og nattjobbing hos Skaarfish. Så vart det ein ­periode på personal­kontoret til ­Ankerløkken, fram til konkursen i ­desember 1985. Alle vart sagt opp og Petter ­jobba 1 år i Flora ­kommune, med sysselsettingstiltak. ­Kommunane som sleit med stor arbeidsløyse fekk ­s­åkalla Rette­dalsmidlar eller rettedøler, oppkalla etter ­kommunal- og arbeidsminister Arne Rettedal. ­­­​I Florø medførte det mellom anna at kyrkja vart ­mala frå topp til tå, minnest Petter.

Snudde skuta

Etter eit år med sysselsettingstiltak vart ­Petter tilsett i Aetat, og skulle ha spesielt ansvar for å følge opp ledige folk frå verftet. Etterkvart skifta han tittel til attføringssekretær, og ein viktig del av jobben var å samarbeide med den verna bedrifta Sunnfjord Produkt. Den ­mekaniske bedrifta i Havreneset hadde ­økonomiske utfordringar og Petter vart bedt om å gå inn som kontorsjef. Saman med den lokale ­banken og ikkje minst takka vere banksjef Norvald Nydal så klarte vi å snu skuta.

”Eg skulle vere i Sunnfjord ­Produkt ­nokre månader, men så vart det 36 år.”

Månader vart til år

Eg skulle vere i Sunnfjord Produkt ­nokre månader, men så vart det 36 år smiler ­pensjonisten. Det var ein litt tøff start, men det har vore utruleg ­kjekke og lærerike år. Det har vore utvikling heile tida. Origod har gått frå å vere ei verna bedrift til å bli ei kompetanse­bedrift, der godt utdanna med­arbeidarar jobbar med rettleiing og pedagogikk for å hjelpe folk med arbeids­førebuande trening og rehab­ilitering. Eg har likt spesielt godt å ­jobbe i skjeringspunktet mellom det å få økonomi i produksjons­bedrifta og det å hjelpe menneske til eit verdig arbeidsliv. Vi har satsa mykje på ­produksjonen slik at vi har fått inn midlar utan at det har gått utover det faglege arbeidet med arbeid og ­inkludering.

Likar framdrift 

Petter legg vekt på at han har hatt mange dyktige medarbeidarar på laget. I tillegg er det gode samarbeidet med NAV avgjerande. Vi jobba etter fireårige rammeavtaler, og vi ­leverte det som blei etterspurt. ­Vi må heile tida utvikle oss i denne bransjen, og det er noko av det eg har sett stor pris på. Utvikling, endring, utviding og vekst passar Petter sin tankegang godt.

Tatt ansvar for samfunnsbedriftene

Denne innstillinga til arbeidet har truleg vore avgjerande for at Petter var leiar for bransjeforeininga «NHO Arbeid & Inkludering» frå 2008 til 2018. Det var ei krevjande og interessant tid, og utfordringane frå politisk hald skapte ein del uro og usikkerheit. Heldigvis hadde eg gode kollegar og eit solid styre, som gjorde til at eg kunne ta på meg dette vervet. 

Det tok meg til nye og spennande arenaer, der det viktigaste var å ivareta rammevilkåra til medlems­bedriftene – som spelar ei viktig samfunnsrolle.

Småbruk, familien og vener

Etter 50 år i arbeidslivet, var Petter klar for pensjonist­livet. Eg har rikeleg å ta tak i på heime­bane, og skal konsentrere meg om å holde meg i form og ta vare på eigedomane. Skal eg få glede av pensjonisttilværet er det viktig å vere i aktivitet. Eg likar å gå turar i fjellet, og så eg vil fokusere på ­familien og vener. ­Dessutan har kona og eg to småbruk å ta vare på, i Ålfoten og på Halsør. Det er viktig at neste generasjon kan ta over eigendommane i god stand, slår han fast. Eg satsar på mange år med god helse, og håpar på det same for Origod. Alt ligg til rette for utvikling og blomstring.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE