Vil du gjere ein skilnad?
Prosjektmedarbeidar i arbeid mot ungt utanforskap

Origod Fram AS søkjer ein engasjert, trygg og relasjonssterk medarbeidar til ei 100 % prosjektstilling med varigheit på to år. Stillinga er knytt til FRAM-prosjektet; vårt målretta arbeid mot ungt utanforskap, der hovudfokuset er å styrkje ungdom si oppleving av meistring, tilhøyrsle og framtidstru.

Som prosjektmedarbeidar vil relasjonsarbeid vere sjølve kjernen i stillinga. Du vil arbeide tett på ungdom i kvardagen, møte dei der dei er, og byggje tillit gjennom stabile og trygge relasjonar over tid. Gjennom individuell oppfølging, deltaking i aktivitetar og tilstadeverande vaksenstøtte, vil du bidra til å skape positive endringsprosessar i ungdomane sine liv.

Stillinga har arbeidsstad i Florø, med aktivitetar der ungdomane er og har sine møteplassar.

Søknadsfrist 10. mars 2026

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt Leni Notø

T: 919 03 869 // E: leni.noto@origod.no

KONTAKTSIDE