FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Fellesskap • Relasjonar • Ansvar • Medverknad
Gjennom eit 3-årig program, som vi satsar på å starte opp hausten 2025, skal vi tenne gnisten som får ungdommen til å gå vidare. Vi skal rett og slett hjelpe ungdommane til å meistre livet. Meiningsfullt fellesskap, gode relasjonar, faglege og sosiale ferdigheiter og jobbtrening, skal gi meistringskjensle. Desse ungdommane, som kanskje fell utanfor samfunnet allereie på ungdomsskulen, sit på uante ressursar som vi må få fram.
Dette er eit pilotprosjekt der samskapinga står sentralt. Deltakarane må sjølve medverke, for å utløyse eigne ressursar – og ikkje minst skape ein betre kvardag for seg sjølv og andre. Målet vårt er tilby «skreddarsaum» der vi skal hjelpe den enkelte til å meistre eige liv og utvikle eigne ferdigheiter. Vi skal ha dedikerte personar som skal jobbe med dette, og som kan bygge bru mellom ulike arenaer. FRAM-prosjektet skal saman med den enkelte og eksisterande arenaer definere eigne mål å jobbe mot.
Vi ser at vi må starte allereie på ungdomstrinnet, seier Leni Anita – for å fange opp problematikken der den ofte oppstår. Utfordringane til ungdommane er samansette. Det kan vere psykisk uhelse, lærevanskar, rus, familiar med låg inntekt, omsorgssvikt, vanskar med å delta i skule, arbeid og samfunnet generelt. Dette fører til at ein kjenner på manglande meistring – og at ein ikkje passar inn. Dessverre er det slik at hjelpeapparatet ikkje alltid klarer å få kontakt med denne gruppa. Dei er isolerte og usynlege.
Vi tenkjer heilheitleg, og vil skape eit forpliktande tre-trinns aktivitetsprogram, der deltakarane sjølve skal sitte i førarsetet. Aktivitetshuset Havglytt vil fungere godt som hovudarena og samlingspunkt i prosjektet. Her kan vi legge til rette for deltakarane i tråd med deira forutsetningar, og få til samarbeid med ulike instansar og frivillige. Trinn ein er ein meistringsarena, som kan vere å gå tur og få struktur på kvardagen. På trinn to i programmet skal ein utvikle praktiske og sosiale ferdigheiter, som til dømes strandrydding i lag med Fjordane Friluftsråd. Det tredje trinnet på stigen er å bygge kompetanse og å bli kvalifisert for utdanning eller jobb.
Kvar enkelt deltakar skal eige sin eigen draum, som må vere realistisk å oppnå. Det er stort press på dagens ungdom, både frå samfunnet rundt dei og ikkje minst frå dei sjølve. Kvardagen kan vere skjør for mange, og alle ting skal skje veldig fort. FRAM-prosjektet legg vekt på at vi skal bruke tid, og samtidig hugse på å ha realistiske mål. Det er ikkje alle som skal jobbe 100 %, men alle skal oppleve meistring og eit betre sosialt liv.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

Foto: Arne Hjort Johansen, Firdaposten.Individuell tilpassing er nøkkelen