FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

For å auke moglegheitene for jobb, flytta Odd Hjalmar frå Sandane til Førde. Der fekk han seg først deltidsjobb som bartender, men då puben måtte legge ned, stod han utan arbeid igjen. Det vart starten på ein lengre periode som arbeidssøkar hos NAV.
Gjennom NAV fekk han kontakt med Origod, som hadde eit opplegg med jobbsøkarkurs, jobbtrening og praktisk arbeid – tre gonger i veka.
Ein ny seljar på Vianor i Førde hadde ein idé om eit inkluderingsprosjekt, og gjennom Origod fekk han vere der 2–3 gonger i veka. Det var utruleg godt å komme ein plass der eg fekk bidra i staden for å sitte heime. I starten vaska han bilar, men etter kvart vart han meir og meir nysgjerrig på det dei andre dreiv med. Å skru og skifte dekk såg både utfordrande og spennande ut. Det ville han også prøve.
Vianor såg potensialet i Odd Hjalmar, og gjennom Origod fekk han tilbod om læreplass i hjulutrustningsfaget, eit fag han aldri hadde høyrt om før. Eg likte det med ein gong. Eg likar å skru og fikse ting, og kombinasjonen av teknikk og ansvar passa meg perfekt, seier han.
I 2019 tok han fagbrev i hjulutrustningsfaget, og Vianor tilbydde han fast jobb. Det betydde alt å få den sjansen – både fagbrev og fast stilling. Det gav meg trua på framtida.
I dag har han fagbrevet i handa, er tillitsvald og har fått auka ansvar på jobb. No har eg vore her i 12 år og trivast med både jobben og kollegaer. Her vil eg bli, avsluttar Odd Hjalmar med eit smil.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
