Jubileumskonferanse

Origod fyller 50 år og feirer med jubileumskonferanse 7. mai.

Origod 1975-2025 jubileumslogo

Når: 7. mai 
Kvar: Florø kulturhus, Markegata 51.

Velkommen til jubileumskonferanse! I år fyller Origod 50 år, og skal markere dette gjennom heile året, med mange ulike arrangement. Vi skal fortelje meir om historia vår, og ikkje minst fortsette å jobbe retta mot ein arbeidsmarknad der alle blir sett på som ein ressurs.

7. mai arrangerer vi jubileumskonferanse og temaet er «utanforskap». Dette blir den største markeringa av 50-årsjubileet, med ein fullspekka dag med foredrag. Bli med og høyr på aktørar som jobbar med eit arbeidsmarknad for alle.

Programmet blir oppdatert fortløpande. Konferansen er gratis og open for alle.

Program – tema: utanforskap

09.30 – 10.00   Kaffi

10.00 – 10.10  Velkommen, v/ Ola Teigen og Frida Risan

10.10 – 10.25   Historia om Annanias Batalden, v/ Petter Refsnes

10.30 – 10.45   Kenneth Stien – Direktør Arbeid og Inkludering NHO

10.50 – 11.10   Foredrag med Terje Hillersøy

11.10 – 12.10   Tenk, om alle var som meg, v/ Adrian Lund

12.10 – 13.00   Lunsj

13.00 – 13.10   Introduksjon

13.15 – 13.30  FRAM – eit prosjekt om utanforskap, v/ Ola Teigen og Halvard Avdem 

13.30 – 13.50   Jon Askeland, fylkesordførar Vestland Fylkeskommune

13.50 – 14.20   Fylkeskommunen og utanforskap, v/ Kathrin Jacobsen

14.25 – 14.45   Beinstrekk

14.45 – 15.50  Mentale muskler – Nøkkelen til arbeidsglede, motivasjon og inkludering, v/ Jan Martin Berge

15.50 – 16.00   Oppsummering av dagen

16.00   Konferansen avsluttast, vel heim

Billettar

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE