Foto: Arne Hjort Johansen, Firdaposten.

Skreddarsydd oppfølging

Å jobbe med utanforskap er ei viktig satsing, både for dei det gjeld og reint samfunnsøkonomisk, seier Elisabeth Solheim. Ho er folkehelsekoordinator og Kinn kommune sin representant i FRAM-prosjektet. Kommunen vil gjerne bidra til at spesielt unge folk ikkje fell utanfor skule, arbeid og sosialt fellesskap. Å jobbe med utanforskap på denne måten er nytt for meg, og eg har lært mykje av samarbeidet med Origod og NAV. 

Elisabeth har ei koordinerande rolle i dette arbeidet. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med mange ulike innfallsvinklar – for å sikre suksess. For meg er det viktig å samle og snakke med folk, slik at dei tilsette i dei ulike etatane kan vere med og definere kva vi kan bidra med. Dei ulike arbeidsplassane må sjølve gjere sine tilretteleggingar for at vi skal ha suksess. 

Arbeid er helsebringande 

Utanforskap får mykje merksemd for tida, og det er eit vanskeleg tema å jobbe med. Det er viktig å vere opne og å jobbe breitt, presiserer Elisabeth. Vi veit mykje om korleis folk skal leve gode liv, med utdanning, jobb og gode relasjonar både ute og heime. Arbeid er rett og slett helsebringande. Vi kjenner at vi er til nytte, at vi meistrar, vi får ei inntekt og opplever sosiale relasjonar og arbeidsfellesskap. 

Kvifor fell folk utanfor? 

Det store spørsmålet er då; – Kvifor kjem vi dit? Kvifor aukar fråværstala på ungdomsskulen og vidaregåande skule? Vi veit at mange unge kjenner på store krav frå omverda, og ikkje minst frå seg sjølv. Vi må lære oss korleis og kva som skjer når folk kjem i slike situasjonar. Kva er det som gjer at folk ikkje deltek i samfunnet? Det er viktig å forstå dette for å kunne førebygge. 

Ingen kvikkfiks 

Det er ikkje alt vi kan gjere noko med. Eg meiner at det er viktig at vi tidleg lærer ungdommane at dei må stå i motgangen, seier folkehelsekoordinatoren. Vi må alle lære oss å leve med at livet til tider er ei berg-og dalbane, og vi må så tankane om at å ligge heime med dei vonde tankane ikkje er løysinga. Heldigvis er skulane flinke til å ta tak i desse problema, med tidleg kontakt med elevane og foreldra. Dessverre finnast det ingen kvikkfiks, men eg har store forventningar til at FRAM-prosjektet til Origod skal gje oss fleire svar. 

Ser FRAMover 

Min jobb er å legge til rette for gode liv for alle, i dette prosjektet må eg tenke annleis. Her er det snakk om individuell tilrettelegging, og eg er glad for den gode kompetansen som Origod sit på. Det starta med at Origod inviterte kommunen med i ein workshop om utanforskap og korleis vi kan jobbe med tema gjennom FRAM-prosjektet. Det kom fram mange gode tiltak ein kan sette i gang. Eg gler meg over å få meir kunnskap og ser at samskapingsmodellen som ein jobbar utifrå er ein veldig god metode. 

Kva er målet? 

Det er ingen som har eit ferdig svar på korleis ein skal løyse denne utfordringa, men saman kan vi jobbe fram løysingar og systematisere dei gode tankane. Vi skal rekruttere 20 personar i aldersgruppa 16 – 29 år, der dei også må vere med og ta ansvar for å få fram eigne ressursar. For nokre er det eit stort steg i rett retning å vere på jobb to dagar for veka. Vi må tenke individuell tilpassing. 

Heile samfunnet må stå saman for å løyse den store oppgåva med å redusere utanforskap. På sikt skal prosjektet gje oss kunnskap til å kunne jobbe enno betre førebyggande med utanforskap. 

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE