FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Søskenparet Lise og Bjørn Egil Bortheim køyrer i fast rute mellom Florø og Førde, med dørmatter, moppar og arbeidstøy for Nor Tekstil. Det siste dei gjer før dei går heim om ettermiddagen er å laste opp bilen med reine matter og moppar hos Nor Tekstil, slik at bilen står ferdig pakka hos Origod neste morgon.
Det er mange tunge løft i jobben, med til dømes matter og våte moppar. Då er det godt å vere to i lag, og dessutan skiftar vi på å køyre. Det er ein fordel at det er fleire som kan ruta, for det er ikkje berre lett å finne fram til rett adresse og rett gang, når ein er ny i jobben. Denne jobben må gjerast anten det er påske- eller sommarferie, eller om nokon er sjuke.
Bjørn Egil har jobba i Origod sidan 2002, og fortel at han har funne sin rette plass. Eg likar å jobbe fysisk – og teori har aldri vore mi sterke side. Søstera Lise kom flyttande til Florø for nokre år sidan og har jobba her i fire år. Eg er kjempefornøgd med både jobben og sjåførkollegaen, smiler ho. Dei presiserer at det aldri er søskenkrangel i bilen.
Begge er einige om at det er eit veldig godt arbeidsmiljø hos Origod. Dessutan set eg pris på å vite kva eg skal gjere kvar dag, legg Bjørn Egil til. Vi styrer på mange måtar vår eigen arbeidsdag, men vi har faste ting på programmet kvar dag.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no