FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Kaféen er sjølve hjartet på Havglytt, og vi legg vekt på at det skal vere ein meir personleg møteplass. Maten er god og heimelaga «kvardagskost» som vi lagar her på kjøkkenet. Vi pyntar borda med duk og blomster, og vi ønskjer alle velkomne. Vi dekker på både eit stort langbord og fleire små bord.
I tillegg til at Havglytt skal vere ein god plass for folk å komme til, så er det ein god plass for dei som er inne i AFT-programmet vårt, forklarer Leni Anita. Folk kan jobbe på kjøkkenet her i opp til tre månader som arbeidstrening, før dei eventuelt går ut i ordinært arbeid. Drifta av kaféen er basert på at vi som er tilsette her skal klare jobben, presiserer Leni Anita. Arbeidstreninga skal kjennest trygg og forutsigbar, og vi ser på Origod som den vesle døropnaren for at folk kan komme seg vidare ut i verda.
Dette huset er ein uslipt diamant, både fysisk og innhaldsmessig. Det er stort potensiale her, og aktiviteten er aukande. Vi spring i hælane på Leni Anita, som viser fram små og store rom med alle slags tenkelege aktivitetar, frå oppussing av møblar i kjellaren til yoga og kafé i hovudetasjen. I utgangspunktet var huset tenkt som ein møteplass for eldre, men vi har dagleg rundt 100 personar innom dørene, i aldersgruppa 5 til 95 år.
Mange av desse aktivitetane skjer på dagtid, slik at det kan kombinerast med middag eller kaffi og kake i kaféen.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no