FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Petter Refsnes, som har bakgrunn frå industrien og har opplevd både nedturar og oppturar der, fortel at det var naturleg å starte opp i Florø. Her hadde Annanias Batalden testamentert eigendommen sin i Havreneset til det lokale «vanførelaget». Eigendommen skulle brukast til Vestbris vanføreheim, bedrift for vanføre og det skulle byggast leilegheiter tilpassa rullestolbrukarar.
Sunnfjord Produkt 1975
I mai 1975 vart den verna verksemda Sunnfjord Produkt Vest AS skipa. Seks kommunar, fylkeskommunen, to sparebankar, Ankerløkken Verft, Elkem Bremanger og Sunnfjord Vanførelag var aksjonærar i bedrifta. Oppbygging skjedde i tett samarbeid med Arbeidsdirektoratet. Johannes Enstad frå Sunnfjord Vanførelag var fyrste styreformann og Thor Lystad vart tilsett som dagleg leiar. I starten vart det jobba med finansiering og planlegging. Block Watne bygde opp industribygget i Havreneset.
Produksjon frå 1979
I 1979 stod alt klart for den nystarta verna bedrifta. Arbeidsplassen i Havreneset produserte sjølvutvikla hjelpemiddel for rørslehemma og sjukehusutstyr. I tillegg leverte dei ein del til industrien. Brukarane av tilbodet var først og fremst frå Flora kommune, og Arbeidskontoret for ytre Sunnfjord skulle følge opp arbeidet.
Snuoperasjon 1988
Det var via Arbeidskontoret at eg kom i kontakt med bedrifta, fortel Petter Refsnes. Eg var tilsett i Aetat for å følge opp ledige folk frå verftet, og seinare som attføringssekretær. Petter vart mellombels tilsett som kontorsjef på Sunnfjord Produkt i 1988. Bedrifta hadde nokre økonomiske utfordringar, men saman med den lokale banken klarte vi å snu skuta. Planen min var å vere der i nokre månader, men det vart til 36 år, smiler han fornøgd.
Sunnfjord Produkt vart etterkvart meir opptatt av å tilpasse seg marknaden, og satsa som leverandør til den lokale industrien. Dette var meir lønsamt, og meir motiverande for dei som jobba der. Vi la vekt på å produsere ting som samfunnet hadde bruk for, presiserer Petter.
Attføring – ein revolusjon
Dei første 20 åra var drifta på verna bedrifter veldig statisk, utan noko mål om utvikling eller krav til at folk skulle tilbake i ordinært arbeid. Frå 90-talet kom det krav frå myndigheitene om utvikling, slik at folk kom seg vidare. Attføring eller yrkesretta attføring er eit omgrep som vart brukt om å få folk tilbake i arbeid. Anten same jobb som ein hadde vore i, eller eit anna arbeid som passa betre. Både frå politisk hald og frå Aetat kom det krav om meir fagleg orientert arbeid. Kravet om omskulering og motivering var ein liten revolusjon.
I 2022 fekk 7 tilsette gullklokka etter å ha jobba i bedrifta i over 25 år.
Nye lovfesta tiltak 1996
Sunnfjord Produkt gjekk frå verna bedrift til attføringsbedrift / arbeidsmarknadsbedrift og seinare til arbeid–og inkluderingsbedrift. I 1996 vart to nye tiltak lovfesta; Arbeidsførebuande Trening (AFT) og Arbeid med Bistand. Sunnfjord Produkt klarte denne omstillinga godt. Kjartan Kvellestad var den første leiaren for desse tiltaka. Seinare vart han dagleg leiar hos “søsterbedrifta” Mentro i Førde.
Nye brukarar inn
Statusen til brukarane av tilbodet i Havreneset endra seg med desse krava. Frå å vere ein arbeidsplass for folk med slitasjeskadar, rehabiliteringsbehov og enkelte med rusproblematikk, vart det fleire unge med «tilpassingsvanskar». Folk som trengte litt ekstra støtte for å få ein plass i arbeidslivet, fekk det hos Sunnfjord Produkt. Arbeidsløysa gjekk i bølger på denne tida, og stigande arbeidsløysetal gav stigande tal av folk som søkte seg til Sunnfjord Produkt.
Viktig balansegang
For Sunnfjord Produkt var det viktig å sørge for ein god balanse mellom fagleg utvikling, rehabilitering og attføring, samtidig som vi skulle behalde produksjonsbedrifta. På slutten av 90–talet starta vi i tillegg med å plassere folk ut i andre bedrifter. Arbeidstrening og samarbeid med lokale bedrifter vart etterkvart svært viktig.
Store ordrar i verkstaden
Samtidig som vi satsa på fagleg utvikling fekk vi inn store ordrar til den mekaniske verkstaden. Kystverket tinga til dømes 1600 solcelledrivne fyrlykter. Origod leverte ikkje solcellene, men 1600 sett med alt det mekaniske knytt til desse installasjonane som ein finn langs heile den norske kysten. Bedrifta i Florø har drive godt og har difor investert i fleire utbyggingar av både administrasjonsbygg, sosialrom og produksjonshall. Til saman har vi vore gjennom fem byggesteg på desse åra.
Bustadeigar frå 1997
I 1997 tok vi over Vestbu frå handikapplaget, etter oppfordring frå Husbanken og kommunen. Det var eit nytt forretningsområde for oss, å ha ansvar for elleve leilegheiter. Det har fungert bra, og vi har drive det kommersielt, men prioritert folk knytt til våre tiltak. Husa er godt vedlikehaldne av våre folk.
Namneskifte – ein stor milepæl i 2003
Namnet Sunnfjord Produkt stod for produksjon, men bedrifta stod for så mykje meir, forklarer Petter. Det var på tide å skape eit nytt bilde av oss. Origo betyr eit utgangspunkt eller skjeringspunkt mellom aksar. Kombinert med god, er dette eit godt utgangspunkt for arbeidet vi driv med. Vi tar utgangspunkt i menneska som av ulike grunnar fell utanfor det ordinære arbeidslivet. Vi skifta namn til Origod i 2003 – og vi er først og fremst ei arbeid-og inkluderingsbedrift, som skal jobbe mot utanforskap. Det speglar namnet vårt godt.
Faksimile: Firdaposten 29.3.2007
Jubileumsåret 2025
Origod kan sjå tilbake på 50 år med store endringar, og ikkje minst tilpassingar til krav og forventingar frå samfunnet. Gjennom alle desse åra har fokuset vore å jobbe mot utanforskap. I starten var det å få folk, som av ulike grunnar fall utanfor det ordinære arbeidslivet, sysselsett i ein mekanisk verkstad. Etterkvart vart det meir fokus på å få folk tilbake i ordinært arbeidsliv, i tett samarbeid med NAV og næringslivet. Samtidig har dei ein del varig tilrettelagte arbeidsplassar i både Førde og Florø. I tillegg har Origod verkstader på begge plassane som leverer produkt av høg kvalitet til både næringslivet og private, og ei avdeling som jobbar med vedlikehald av eigendom og transport.
Suksess i endring
Systemet Origod jobbar under blir stadig utfordra av ulike regjeringar. Det er stor politisk einigheit om at ein skal drive med inkludering og attføring, og dei siste 15 åra har ein ikkje opplevd stor arbeidsløyse. Likevel har det skjedd store endringar med at vi konkurrerer i den opne marknaden. Vi har fått inn eit anbodsregime, som stiller strenge krav til oss med tanke på pris og kvalitet. At Origod framleis er på bana etter 50 år må bety at ein har gjort noko rett. Vi har mange suksesshistorier å vise til. Origod har betydd mykje for kommunane, NAV, næringslivet og ikkje minst for folka som fått hjelp til å komme i arbeid.
Kva med framtida?
For Origod er det viktig å tenke framover. Vi lever i ei tid der det meste er konkurranseutsett. Det gjeld også jobben med arbeid og inkludering. Difor er det ekstra viktig å spele på lag med oppdragsgjevarane våre, nemleg NAV og myndigheitene. Vi vil legge vekt på fagleg utvikling, samtidig som dei to verkstadane i Førde og Florø må tilpasse seg marknaden. For Origod er det viktig å halde på den gode balansen mellom fagleg innsats med arbeid og inkludering, samarbeid med næringslivet og produksjon som er konkurransedyktig. Vi har vore tilpassingsdyktige og jobba mot utanforskap i 50 år og det skal vi fortsette med.
Faksimile: Firdaposten 3.10.2018
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no