FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Origod er godkjent lærebedrift, og for tida er Bjørnar Storehaug Svoen (20) lærling på andre året i den mekaniske verkstaden. Målet er å få fagbrev som sveisar. Den unge naustedølen starta på teknologi- og industrifag i Førde, og etter å ha prøvd ut ulike fag fekk han tilbod frå NAV og Opplæringskontoret for tilrettelagt fagopplæring (OKTF) om å teste ut Origod i Florø.
Det vart ein god match og etter litt prøvetid fekk han lærekontrakt i sveisefaget. Eg trivast veldig godt og får god oppfølging av dei andre som jobbar her. Vi lagar ting til både bedrifter og private og arbeidet er veldig variert.
Bjørnar fortel at han likar best å sveise i rustfritt og aluminium. Dei fleste tinga vi produserer er etter teikning, men av og til kan vi vere litt meir kreative. I den siste tida har han laga tre grillar av innmaten til varmtvassberedarar, og her får han litt meir fritt spelerom. Eg likar best når eg får bestemme litt sjølv, og får bruke kreativiteten min, smiler han.
Eg er godt fornøgd med å ha fått læreplassen min her, og har kjekke folk å jobbe i lag med, fortel Bjørnar, som pendlar dagleg med buss til og frå Naustdal. Eg har litt tilpassa opplegg sidan eg har hatt skulevanskar, men no har eg trua på at eg skal klare å få fagbrevet i boks.
Arbeidsmarknadsbedriftene i fylket tilbyr læreplass til personar som vil ta kompetansebevis eller fagbrev. Med litt tilpassa opplæring eller tilrettelegging kan ein få fagopplæring i ordinære bedrifter. Dette bidreg til at fleire lukkast med å gjennomføre læretida og kan ende opp med fagbrev eller kompetansebevis.
Tilbodet kan bli gitt etter bestilling frå NAV, og i samarbeid med rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune. Opplæringskontoret for tilrettelagt fagopplæring (OKTF) er eigd og drifta av Sogneprodukt, Origod og In Via.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
