Hels på Eli, den nye driftsansvarlege på Havglytt
Eli Seljeseth starta hos oss 1. august og er ansvarleg for drifta ved aktivitetssenteret Havglytt. Eli kom frå Fjord1, der ho jobba med lønn, og har tidlegare erfaring frå restaurant- og servicebransjen. Med andre ord – ho veit korleis ein held både folk og system i gang.
-Eg syns det er kjekt å interagere og prate med folk, så det er nok den største grunnen til at eg søkte på ei stilling her, fortel Eli med eit smil.
Som driftsansvarleg skal ho halde styr på alt frå økonomi og aktivitetar på huset til å stå på kjøkkenet over kjelane og ha ansvar for utleige av lokale. Det er ei variert rolle som passar Eli godt.
-Jobben krev at ein er i bevegelse, og det er godt for både kropp og sjel, legg ho til.
Vi er glade for å ha Eli med på laget, og ser fram til hennar bidrag framover.



