Jon Ole Solheim - origod.no

Eit herleg kaos med meining

Jon Ole Solheim har over 25 år fartstid i Origod. Det var ikkje akkurat det som var planen, men i det store og heile er den blide florøværingen glad i å jobbe med folk. Det er givande å sjå folk utvikle seg og vekse som person, seier han.

Karriera starta i R. Berg Transport. Der jobba Jon Ole som tankbilsjåfør og anleggsoperatør på Fjord Base for Statoil. Etter kvart blei transportselskapet ein del av Krokane Nærtenester, og Jon Ole blei med på lasset. Nærtenesten jobba allereie med attføring, og det var her Jon Ole blei introdusert med det for fyrste gong. Det var vel ikkje heilt planen, men eg likar godt å jobbe med folk. Det er meiningsfullt arbeid, seier han.

Bygde opp kurs-avdeling

Som attføringsbedrift kjøpte Nærtenesten inn ulike kurs til tilsette og brukarar. Her fekk Jon Ole ein idé; kvifor begynner vi ikkje med kurs sjølv? Slik blei det – og snart var ei heilt eiga kursavdeling på plass.

Både tilsette, brukarar og bedrifter heiv seg på tilbodet, og enkelte kurs blei så populære at folk frå heile landet reiste til Florø for å vere med. Vi eigde kursa, og nokre av dei bygde vi opp frå scratch. Næringslivet etterspurde ulike kurs og då heiv vi oss rundt for å få dette på plass. Sidan vi var ei attføringsbedrift, tilpassa vi kursa for å vere fleksible. Om nokon trengde ein ekstra dag eller tilpassing for å få godkjent kurset, så fiksa vi det, fortel han.

Mykje å ha kontroll på

I 2019 blei Nærtenesten innlemma i Origod, og kursverksemda vart avvikla i 2022. Jon Ole gjekk etterkvart over i rolla som driftsleiar i Origod, med ansvar for både folk, kundar og oppdrag. Det er eit stort ansvar, men det går fint fordi eg har så mange flinke folk rundt meg. Det er høg aktivitet i bedrifta og mykje som skjer – og det passar meg bra.

Ein vanleg dag er eit herleg kaos, ler Jon Ole. Vi startar med kaffi om morgonen og går gjennom arbeidsoppgåvene som ventar. Dagane er som regel fylt med faste oppdrag vi har, og med små jobbar som vi får inn bestilling på. Det er litt å halde styr på når du skal få alle ut på rett plass til rett tid, men det ordnar seg som regel.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE