FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Dersom ein smiler når ein kjem på jobb, og smiler når ein går heim – då er ein på ein god arbeidsplass, fortel ei smilande Hege Mikkelsen.
Eg har jobba med skyteskiver her hos Origod i Førde dei siste tre åra, og før det ver eg åtte år i kantina. Ho skifta avdeling på grunn av ein kneskade. Eg rett og slett storkosar meg her.
Hege roterer litt rundt på ulike stasjonar i produksjonen, og lagar mange av smådelane til skyteskivene. Då vi snakka med ho var det klipping av gummidukar til målskivene som stod på programmet. Elles går det mykje i både måling og tapetsering av målskivene som blir produsert for Megalink.
Det kjekkaste med å jobbe på Origod er den lune, gode tonen mellom oss som jobbar her, fortel Hege. Dessutan er arbeidsgjevaren veldig lydhøyr for våre ønskjer. Om eg har lyst til å prøve noko nytt, så får eg det, avsluttar ho med eit smil.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no