FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Ole Johan Apalseth har jobba med trearbeid og skyteskiver i Førde sidan 2009. Han seier det er viktig å ha noko å gå til. Han jobbar hovudsakleg med å skru saman rammene til elektroniske skyteskiver og pakke dei for levering. Alt må gjerast veldig nøyaktig.
Når bestillingane er ferdige, kjem lastebilar til verkstaden i Førde og hentar det Ole Johan og kollegane har pakka. Skyteskivene blir laga for Megalink og går til både Forsvaret og skyttarlag over heile landet.
Den kjekkaste jobben for Ole Johan er å skru skiver og pakke dei ferdige. I det siste har han fått ei ny oppgåve, der han malar dyr på blinkane. Dette synest han også er ein veldig bra jobb. Han seier han ofte jobbar aleine, og det passar han godt.
Origod er ein god arbeidsplass, og Ole Johan set pris på å vere med på felles aktivitetar saman med dei andre på jobben. Dei har turar på kafé eller gjer andre kjekke ting i lag. Ein gong hadde dei grilling heime hos Ronny Grimeland (produksjonsleiar) i Angedalen, og det var veldig bra, avsluttar han.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no