FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Boom starta i verkstaden, og fortel at alle ville hjelpe han, men språket var eit stort problem. Eg stod bak ryggen til Gaute Barstad og såg korleis han sveisa, så sprang eg tilbake til bordet mitt og gjorde det same. Ingen kunne forklare meg arbeidet eller korleis for eksempel ein skiftenøkkel skulle brukast, for vi forstod ikkje kvarandre. Det vart mange turar til Vibeke og Kamilla sine kontor med verktøy i handa. Dei sa det norske namnet og eg skreiv det ned på thailandsk, smiler han fornøgd.
Boom er ein kreativ kar, det kan ein sjå av alle dei kunstnariske tinga han har laga av metall. Heime i Thailand gjekk eg på ein skule med linje for teikning, og gjorde det òg bra i teiknekonkurransar. Som sveisar har han god nytte av å vere både kreativ og løysingsorientert.
Det er ikkje alle kundane som veit heilt kva dei vil ha, eller korleis det skal løysast. Der gjer Boom ein fantastisk jobb, fortel dei som jobbar i lag med han. Han ser løysingar som ingen har tenkt på, og er blitt ein ettertrakta sveisar hos mange bedrifter i Florø. Kundar som Westcon, Evoy og Niprox har hatt god nytte av hans kvalitetar – og ønskjer han til jobbane sine.
Sjølv om starten var litt vanskeleg, så har det blitt 16 kjekke år på verkstaden i Havreneset. Han tar seg av og til turar til Thailand for å besøke familien, og har dagleg kontakt via telefonen. Men, det er her eg skal vere, presiserer Boom. Eg skal vere på Origod og i Florø.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no
