FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Trond Høidal starta si karriere hos Nærtenesten i 1990, og to år etter var lappen i boks, kan han fortelje. Sidan den tid har det stort sett handla om lastebil, krokbil og ikkje minst bossbil. Eg likar bossbilen best, og den har eg køyrt fast i 20 år. Trond køyrer dagleg si faste runde i Florø, der han hentar inn avfall frå bedrifter og butikkar. Han likar å snakke med kundane, og er flink til å gje beskjed om nokon sorterer feil. Bosset blir levert til SAR, og der er det viktig at alt er sortert rett, smiler han.
Trond passar godt på bilen han køyrer, og er opptatt av at alt skal vere på stell. Om det er noko som ikkje fungerer som det skal så klarer han å finne feilkoden, og så gir han direkte beskjed til bilverkstaden eller andre på Origod.
Utanom jobben likar den blide karen å bygge med lego, og å gå på ulike musikkarrangement i byen. Eg har veldig kjekke kollegar, fortel Trond, og eg likar godt å prate og tulle litt med dei andre her – spesielt under morgonkaffien.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no