ANNANIAS BATALDEN

Annanias Batalden (1893 – 1973) var ein føregangsmann for å betre kåra til funksjons­hemma på Vestlandet. Han mottok Kongens fortenestemedalje i gull for dette arbeidet.

Annanias var født og vaks opp på Batalden i Kinn ­kommune. Han var født med ­Celebral ­Parese (CP), noko som skapte store ­problem for han i opp­veksten. Han vart mellom anna nekta skulegang, fordi han vart sett på som psykisk utviklings­hemma. Då han kom i konfirmasjons­alderen oppdaga presten litt tilfeldig at den unge ­guten hadde gode evner. Som 16-åring fekk han difor plass på yrkesskulen for vanføre i Oslo; Sophies Minde. Her lærte han seg mellom anna å veve, og å teikne og skrive med tærne. 

Annanias Batalden livnærte seg av det han lærte på Sophies Minde, og reiste rundt i ein pedaldriven vogn og selde produkta. I 1922 flytta familien frå Batalden til Havreneset i ­Florø, der dei dreiv gard. Annanias overtok ­seinare dette gardsbruket etter foreldra. Han gav eigendomen etterkvart ­vidare til vanføresaka, som han var sterkt engasjert i. ­Annanias Batalden reiste land og strand rundt som reise­sekretær i ­Vestlandske Vanførelag, og han tok initiativ til å starte Sunnfjord Vanførelag. Der var han styreleiar i ein mannsalder. Han reiste rundt på invalidesykkelen sin og var med og stifta mange ­støttelag til vanføresaka.

Vanføreheimen Vestbris vart opna på eigen­domen i Havreneset i 1959. Seinare gav ­Annanias heile eigen­dommen sin til vanføresaka, for at det skulle bli både arbeid og bustader for vanføre. Det er bakgrunnen for at den verna bedrifta ­Sunnfjord ­Produkt (seinare Origod) fekk si plassering i ­Havreneset.