Alle treng ein morgonkaffi

Dagen er best når ein kan starte med ein kopp kaffi, meiner Dan Fredheim. Han har jobba hos Origod i 29 år, og fekk gullklokke for fire år sidan. Eg kjem på jobb ein time før arbeidsdagen startar, og det første eg gjer er å koke kaffi til alle på huset. Det er litt ekstraservice, og det likar folk.

Dan har ulike arbeidsoppgåver gjennom året. Om sommaren kan folk trygt reise på ferie, for då er eg på plass og klipper plenen. Vi har mange faste ­kundar, både private og bedrifter, fortel han. Om vinteren er det snøbrøyting og strøing. Eg likar ­variert arbeid og å treffe nye folk.

Løftar ved – ikkje vekter

I tillegg har eg ansvar for all veden som skal ut til kundane. Eg slepp å drive med vektløfting, smiler han fornøgd. Kvar sekk veg 15 kg, og på det meste leverer han ut 100 sekkar på ein dag. Då er eg godt sliten. I løpet av eit år blir det rundt 2000 sekkar, som skal lastast og lossast.

Jobbar dag og natt

Kvar torsdag køyrer Dan rundt i sin eigne nye renovasjons­bil. Då er det innhenting av metall, glas og plast. Eg er glad for å sleppe matavfall, smiler han fornøgd, det stinkar. Elles kan han fortelje om både bruk av makuleringsmaskin og om å ta i mot ­tankbåtar på basen. Av og til må vi ta i mot båtar midt på natta. Det går fint berre eg får kaffi.

Kaffikoppen er viktigast

Dan set pris på tilstellingane dei har på jobb, spesielt i sommarhalvåret. Det kan vere film og pizza eller grilling ute. På spørsmål om han likar den nye sjefen Ola Teigen, kjem svaret kontant og med glimt i auget; han er ein grei kar, når han berre er her. Eg likar både å snakke litt tull med folk og å jobbe hardt. Det eg likar aller best her er å ha kaffien klar til alle som jobbar her. Då blir dagen bra for alle.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE