FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE

Joakim Berg Sundsøy
Jobbkonsulent Florø
Frida Risan
Jobbrettleiar Førde / Florø
Eg starta her i august 2024, i teamet oppfølging.
Mi viktigaste oppgåve er å bistå jobbsøkarar i å finne jobb, og ikkje minst å sikre at folk blir i jobben. Gjennom kartlegging og relasjonsbygging skal eg og deltakar finne den beste jobbmatchen. Eg fungerer som jobbstøtte og rådgjevar for både arbeidssøkar og arbeidsgjevar, slik at vi kan tilpasse til dømes arbeidsoppgåver og arbeidstid. Målet er at arbeidsforholdet skal vare og bli permanent.
Eg er fersk i jobben, men er veldig glad i teamet som jobbar med oppfølging i Origod Fram. I jobben møter eg eit breitt spekter av ulike menneske og vi er opptatt av å sjå moglegheitene framfor avgrensingane. Her blir alle tatt godt i mot, både vi som jobbar her og deltakarane som skal få hjelp til vegen vidare.
Arnhild Mallasvik
Avdelingsleiar AFT Førde
Eg har jobba her sidan 2015.
Eg begynte hos Mentro for 10 år sidan, og jobbar administrativt med Arbeidsførebuande Trening (AFT) her i Førde. Ein viktig del av Arnhild sin jobb er kursing og trening av arbeidssøkarar, som til dømes; Kurs i meistring av belastning (KIB) og Kurs i meistring av depresjon (KID).
Det beste med jobben min er når arbeidssøkarane når måla sine. Å få vere med på den reisa der folk lukkast og får eit betre liv, er ei god oppleving.
Raimund Chscanovic
Arbeidsleiar trearbeid Førde
Eg har jobba her i 14 år.
Eg begynte hos Sunnfjord Drift i Florø i 2011, og starta på trearbeid i Førde etter fusjonen i 2019. Jobben min er å ha oversikt over ordrar og leveringar, at vi har materiale på plass og sørge for at arbeidet blir gjort på ein god måte.
Det som er bra med jobben her er gode lokale med moderne maskiner og ikkje minst kjekke kollegar. Raimund er veldig fornøgd med at han har fått fagbrev som CNC-operatør, med god hjelp frå arbeidsgjevar. Eg fekk alt godt tilrettelagt og dei beste vilkåra ein kan få.
Siv Rimmen
Økonomisjef
Eg starta i Nærtenesten i august 2012, så det nærmar seg 13 år.
Eg tar meg av økonomien til Origod frå A til Å, det vil seie at eg har ansvar for bokføring, fakturering, løn og årsoppgjer. Det gjer til at ein får større eigarskap til det ein gjer. Origod består av så mange ulike avdelingar slik at arbeidet blir veldig variert.
Det som eg likar aller best med jobben er at eg har så utruleg mange kjekke kollegar, i alle avdelingar. Vi er ein god miks av folk som går veldig godt saman. Sjølv om eg jobbar med økonomien så blir eg godt kjent og involvert i alle som jobbar her på huset. Døra mi er alltid open, og folk frå alle avdelingane stikk innom for ein liten prat. Det er høg trivselsfaktor her.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

Ledig frisørsalong sentralt i Florø