Det var ei kjekk markering hos Origod når Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane overrakte sjekken på 2 millionar. Frå venstre: Lillian Loen, Ole Aukland, Ola Teigen, Leni Anita Notø og Roger Bareksten. Foto: Dag Frøyen/Firdaposten.

Origod mottek 2 millionar til FRAM-prosjektet

Fellesskap • Relasjonar • Ansvar • Medverknad

Origod har fått ein moglegheit til å ta neste steg i arbeidet mot utanforskap. Gjennom støtte på 2 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, er FRAM-prosjektet eit steg nærmare realisering. No skal vi hjelpe unge i utanforskap med å meistre livet.

FRAM-prosjektet handlar om å jobbe med ei usynleg gruppe. I Origod jobbar vi allereie i dag med tema utanforskap, men gjennom dette prosjektet skal vi jobbe spesielt mot dei unge. At det i dag er 163 personar mellom 16 og 29 år, som ikkje er i jobb eller skule/utdanning i Kinn kommune, er eit stort varsku. Her trengs det handling, og dette skal vi gjere noko med.

Hjelpe ungdommen til å meistre livet

FRAM-prosjektet skal gå over tre år, med start hausten 2025, og skal tenne gnisten som får ungdommen til å gå vidare. Prosjektet skal rett og slett hjelpe ungdommane til å meistre livet. Meiningsfullt fellesskap, gode relasjonar, faglege og sosiale ferdigheiter og jobbtrening skal gi meistringskjensle. Desse ungdommane, som kanskje fell utanfor samfunnet allereie på ungdomsskulen, sit på uante ressursar som vi skal få fram.

Det her er skikkeleg stas og eg måtte klype meg sjølv i armen fleire gongar for å vere sikker på at eg var vaken når eg fekk høyre det. Midlane frå Sparebankstiftinga gjer det no mogleg for oss å starte prosjektet og tilsette to ressursar som skal jobbe med dette på fulltid. I løpet av hausten vil det komme ut ei stillingsutlysing. Det viktigaste for oss er ikkje kva som står på papiret, men at du har sosiale ferdigheiter og ei medmenneskeleg innstilling, fortel Leni Anita Notø, som til dagleg leiar AFT-avdelinga i Florø og aktivitetssenteret Havglytt.

Leni Anita Notø er lykkeleg over midlane Origod har fått frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Det er heilt avgjerande for at vi er eit steg nærmare oppstart i FRAM-prosjektet.

Samskaping

Dette er eit pilotprosjekt der samskapinga står sentralt. Deltakarane må sjølve medverke, for å utløyse eigne ressursar – og ikkje minst skape ein betre kvardag for seg sjølv og andre. Målet vårt er å tilby «skreddarsaum» der vi skal hjelpe den enkelte til å meistre eige liv og utvikle eigne ferdigheiter.

Korleis hjelpe dei usynlege

Vi ser at vi må starte allereie på ungdomstrinnet for å fange opp problematikken der den ofte oppstår. Utfordringane til ungdommane er samansette. Det kan vere psykisk uhelse, lærevanskar, rus, familiar med låg inntekt, omsorgssvikt, vanskar med å delte i skule, arbeid og samfunnet generelt. Dette fører til at ein kjenner på manglande meistring – og at ein ikkje passar inn. Dessverre er det slik at hjelpeapparatet ikkje alltid klarer å ta kontakt med denne gruppa. Dei er isolerte og usynlege.

Ein trygg og god base

Aktivitetssenteret Havglytt er basen for prosjektet. Her er alle velkommen, og plassen deltakarane startar dagen sin på. Her kan vi legge til rette for deltakarane i tråd med deira forutsetningar, og få til samarbeid med ulike instansar og frivillige. Origod tenkjer på heilheiten, og vil skape eit tre-trinns aktivitetsprogram:

  • Trinn ein: Mestringsarena, som kan vere å gå tur og få struktur på kvardagen
  • Trinn to: Utvikle praktiske og sosiale ferdigheiter, som til dømes strandrydding.
  • Trinn tre: Bygge kompetanse og bli kvalifisert for utdanning eller jobb.

Kvar enkelt deltakar skal eige sin eigen draum. FRAM-prosjektet legg vekt på at vi skal bruke tid, og samtidig hugse på å ha realistiske mål. Det er ikkje alle som kan jobbe 100 %, men alle skal oppleve meistring og eit betre sosialt liv, avsluttar Leni med.

Smilet, og nokre tårer, hang laust når Sparebankstiftinga formelt overrekte sjekken til Origod. Foto: Dag Frøyen/Firdaposten.

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE