Om Origod

  • Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking?
  • Treng du å få utført ei mekanisk teneste?
  • Ønskjer du ein samarbeidspart i rekrutteringa?

Då er Origod AS bedrifta for deg. Vi er lokalisert i  Havreneset i Florø (Industrivegen), og er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med ca. 50 tilsette.

Arbeid & inkludering

Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod til personar med ulike arbeidshinder, som treng bistand til å komme i ordinært arbeid eller utdanning. Kan innehalde kartlegging, karriererettleiing, arbeidsutprøving, praksis og opplæring i ordinært arbeidsliv.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR- «Raskare tilbake») er eit tilbod til personar som er sjukmelde for å komme fort tilbake til sin eigen jobb eller til ein ny jobb. Kan bestå av livsstilsveiledning, generell opptrening, arbeidsutprøving, praksis og opplæring hos noverande eller ny arbeidsgjevar.

Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) skal bidra til at arbeidssøkjar vert kvalifisert til ledige jobbar. Kan bestå av til dømes norskopplæring for framandspråklege, jobbklubbar eller konkret praksisopplæring.

Origod AS disponerer moderne lokale med oppdatert datautstyr.

Vestbu

Vestbu består av 11 leiligheiter fordelt på 4 husvære eigd av Origod AS.
Leiligheitene ligg i nærleiken av bedrifta.

Kontaktperson og forespørsel om leige rettast til:

Petter Refsnes ved Origod AS
telefon 57 75 21 40
direkte innval 57 75 21 43
mobiltelefon 918 08 644
petter.refsnes@origod.no