Reinhaldskurs klasse

Det er alt for mange småkurs, for folk som treng hjelp til å komme ut i arbeidslivet, seier Ole Morten Strømmen. Det er meir verdifullt for både dei som søkjer jobb og arbeidsgjevar at dei får eit kurs med litt tyngde, der ein kombinerer fagleg kunnskap med språktrening og for eksempel søknadsskriving. Difor valde vi å lage eit eige opplegg for reinhald, som varer ei stund og som har fokus på kompetanse.

Kurset i reinhald, som varer i 24 veker, har vi sydd saman og gjennomfører vi i tett samarbeid med BB Servicesystem. Målet er heilt klart; deltakarane skal stå igjen med eit kompetansebevis og dei skal vere i stand til å jobbe som reinhaldar. Kurstilbodet er laga på oppdrag frå NAV, og KF Innvandrarsenteret har ein del av deltakarplassane.

Språkutfordringar

I tillegg til ei praktisk og teoretisk innføring i reinhaldsfaget, skal deltakarane lære å skrive CV og arbeidssøknad, bli meir språksterke og trene på jobbintervju. Det er for det meste framandspråklege elevar vi har på skulebenken, og det er mange språkutfordringar å ta tak i, fortel Strømmen. For oss er det mange norske omgrep som er sjølvsagte, men det er ikkje alltid så enkelt å til dømes sjå skilnaden på plastsekk og avfallssekk. Det blir mykje og viktig repetering og terping på faguttrykk.

Grundig fagopplæring

Elevene får ei grundig innføring i kjemi, tensidar, vatn og ergometri, smiler Strømmen – og legg til at han sjølv har repetert litt kjemi og fysikk for å kunne undervise i faget. BB Servicesystem stiller med lærar ein dag i veka, der dei jobbar grundig med både teori og meir praktiske sider ved faget. Resten av veka er det vi her på huset som står for repetisjonane. Strømmen underviser i reinhaldsteori på føremiddagen.

Treng tyngre kurs

Dei 15 deltakarane som er i full gang med reinhaldskurs starta opp i april og skal vere ferdige i oktober. Ein del av tida går med til praksis ute i bedrifter. Vi er veldig glade for det gode samarbeidet med BB Servicesystem, som og spelar ei viktig rolle med å skaffe oss praksisplassar. Ole Morten Strømmen ser at eit slikt kurs lett kan overførast til andre fagområde. Innan både sal og service og transportfaget ville ein ha stort utbytte av ei grundigare innføring enn ein tilbyr i dag. Eg har tru på at eit fagleg tungt kurs der teori og praksis går hand i hand lettar inngangen til arbeidslivet.

Reinhaldskurs

Sølvy Janne Ommedal frå BB Servicesystem og Ole Morten Strømmen samarbeider om kurset som gjev ei grundig innføring i reinhaldsfaget. Det er krevjande å lære både eit nytt fag og eit nytt språk, men vi har veldig engasjerte kursdeltakarar fortel dei to.

Reinhaldskurs klasse

15 deltakarar frå Flora og Bremanger får ein solid fagleg kompetanse og ein lettare veg inn i arbeidslivet, gjennom eit 24 vekers kurs i reinhald. Prosjektet er utvikla av Origod og blir gjennomført i tett samarbeid med BB Servicesystem. Kurshaldarane er f.v. ved tavla; Ole Morten Strømmen, Sølvy Janne Ommedal (BB Servicesytem), Alan Rossi og Aleksander Stub.