Norskopplæring

Origod tilbyr norskopplæring for framandspråklege. Vi nyttar det nettbaserte programmet Migranorsk. Gjennom Origod Testskole (Migranorsk) kan norsknivået testast opp mot VOX-prøvene og dei krav som blir stilte til norsknivå i arbeidslivet.

Migranorsk er eit interaktivt og nettbasert norskopplæringsprogram utvikla av Fagbokforlaget, som er brukt av opplæringssenter og bedrifter i heile Norge og i utlandet.

  • Er tilpassa vaksne som ønskjer og lære norsk språk og om det norske samfunnet.
  • Modulbasert slik at det passar både for nybegynnarar, inkludert analfabetar, og  for vidarekomne.
  • Er fleksibelt med tanke på gjennomføringstid og progresjon.
  • Kan brukast til undervising i grupper og individuelt, og som sjølvstudium.

Origod tilbyr Migranorsk til:

  • NAV som ei kvalifisering for at arbeidssøkarar skal komme i praksis/arbeid
  • KF Innvandrarsenteret som eit supplement til Introduksjonsprogrammet for deira brukargruppe
  • Bedrifter som ønskjer å auke norskkunnskapane til sine framanspråklege tilsette, gjerne i samband med HMS.  Vi kan arrangere kurs på kveldstid.

Døme på modular for begynnarar:

  • Alfa for nybegynnarar med abeidsbok og spel
  • Norske lydar for analfabetar og dei med eit anna alfabet.

Døme på modular for allmennorsk:

  • e-borger
  • Bu i Norge
  • Flyttemelding.

Døme på arbeidsretta modular:

  • Arbeidslivets ABC
  • Arbeid med barn
  • På veg mot helsefagarbeider
  • Salg og service
  • Kantine
  • HMS generell og HMS for anleggsbransjen
  • Offentleg sakshandsaming.

For meir informasjon, kontakt Ole Morten Strømmen ole.morten.strommen@origod.no, tlf. 94015824.