Trond Ramstad Olsen

Det har vore ekstra givande å samarbeide med Origod om lære- og praksisplassar, fortel personalsjef Trond Ramstad Olsen. Han har koordinert alle lærlinginntaka i kommunen gjennom mange år. Han legg vekt på at dei har eit overordna lokalt samfunnsansvar for å hjelpe folk tilbake eller inn i arbeidslivet. Saman med Origod har vi vore med å bidrege til at folk som treng litt ekstra drahjelp klarer å finne sin plass og sitt yrke. Dette har vi lukkast med gong etter gong, og det er utruleg kjekt.

Vi har hatt inn mange – og  spesielt  unge folk – som treng litt ekstra tid for  å meistre arbeidslivet. Ein del er svært utrygge og treng ekstra oppfølging, slik at vi nesten trur at dette ikkje kan fungere. Med profesjonell hjelp frå Origod og tilrettelegging frå vår side, så opplever vi at det går veldig bra. Å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande. At fleire av desse ungdommane som treng litt ekstra drahjelp endar opp med fagbrev og jobb i andre enden er bevis på at god oppfølging og samarbeid nyttar.

Lokalt samfunnsansvar
Det er vårt samfunnsansvar som kommune å stille med praksisplassar for denne gruppa, presiserer Ramstad Olsen, og vi ser at det har stor betyding for korleis det går med dei vidare i livet. Vi må sjølvsagt sette av ekstra ressursar til dette arbeidet, men vi prøver alltid å ha plass til så mange som mogleg. I tillegg har vi ordinære lærlingplassar og praksisplassar i samarbeid med innvandrarsenteret, vidaregåande skule og NAV. Vi har eit godt omdømme som praksisvert, og det er ekstra trygt for oss når vi har ein samarbeidspartnar som Origod i ryggen.

Givande arbeid
Det blir gjort ein veldig god jobb ute i dei ulike avdelingane i kommunen, fortel Ramstad Olsen, og peikar på at dei fleste praksisplassane er innanfor barne- og ungdomsarbeid og helsefag. Årleg  har vi i snitt inne 3–4 kandidatar, utan at vi har forplikta oss til at dei får jobbe der seinare. Dei får ein god sjanse til å vise seg fram, og om dei viser seg dugande til jobben skjer det rett som det er at dei endar opp med både fagbrev og jobb. Det er utruleg kjekt.

Profesjonell samarbeidspart
Det er utan tvil lettare å ta dette lokale samfunnsansvaret når vi har Origod i ryggen. Dei fungerer nesten som eit opp- læringskontor. Dei har lang erfaring, vi kjenner dei og dei er svært profesjonelle på oppfølging. Origod gjer arbeidet trygt både for oss og brukarane. Ekstra tid og godt samarbeid gir resultat, slår Trond Ramstad Olsen fast.

… å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande …