Origod nyheitsbrev mars -18

Nye kostar kostar best, seier eit gammalt uttrykk. Difor har NAV Florø tilsett 3 heilt nye kostar – som skal ta seg av eit nytt arbeidsområde. NAV sitt mål har alltid vore å få folk i arbeid, men Stine Sortevik, Per-Øyvind Sørbø og Jon Eirik Lerum skal gjere jobben på ein ny måte. Dei har fått titlane «Jobbspesialistar», og det dei skal spesialisere seg på er å få folk raskt inn i varige tilsettingsforhold.

Vi skal ikkje jobbe med lange avklaringar om kompetansebehov og andre utfordringar, forklarer Stine. Jobbspesialistane skal få folk rett inn i eit langsiktig arbeidsforhold – med vanlege lønnsforhold og rettar som alle andre ordinært tilsette.

Bli kjent med næringslivet
Men, kan ikkje desse folka berre søke på ordinære jobbar  – og få ordinær tilsetting? Det er her Jobbspesialistane skil seg frå andre sakshandsamarar i NAV, fortel dei tre. Hugs at 70% av alle jobbar i Norge ikkje blir utlyst. Bedriftene veit nesten ikkje kva kompetanse dei har bruk, før den blir presentert for dei. Difor skal vi banke dører. Dersom vi blir sittande på kontoret er det teikn på at vi gjer ein dårleg jobb, smiler Per-Øyvind. Sjølv er han godt kjent i det lokale næringslivet, men no skal han bli endå betre kjent – og saman med Stine og Jon Eirik skal dei finne jobbar som matchar dei rette kandidatane.

Skal bli verdsette
Det er mange aktørar ute i denne marknaden, men NAV har heile tida vore oppdragsgjevaren til mellom andre Origod i Florø. Dei gjer gode jobbar med å kartlegge kompetansen og utfordringane folk har, men den delen med å ordne tilsettingar skal NAV meir og meir ta seg av sjølve. Vi skal ikkje berre ut og finne jobbane, forklarar dei tre. For at modellen vår skal fungere må vi ha skikkeleg motiverte arbeidssøkarar. For mange kan det vere de-motiverande å gå gjennom ei lang mølle med utgreiingar og utprøvingar. Arbeidssøkarane opplever at dei får eit prøve-arbeidsforhold utan at arbeidet blir skikkeleg verdsett med lønn og rettigheiter på lik linje med andre.

Det som skil oss frå dei andre er at vi tilbyr skikkeleg lønna arbeid med uavgrensa oppfølging etter tilsetting.

Berre jobb
Fordelen med at vi gjer dette arbeidet sjølve, presiserer Jon Eirik, er at vi er i eit miljø med dei andre sakshandsamarane hos NAV. Vi jobbar med dei same verktøya, kommunikasjonen går raskt mellom oss og vi får ei god oversikt over kandidatane vi kan tilby næringslivet og vise versa. Jobbspesialistane skal berre jobbe med jobb, dei andre på NAV skal ta seg av mange andre ting. Utfordringa vår er å bygge tillit og bli kjende med næringslivet og dei aktuelle kandidatane.

Ny metode
Dette er ein ny måte å tenke på for NAV-systemet, og vi må gjere ein del nybrottsarbeid. NAV Åsane har hatt eit pilotprosjekt så vi har kursa oss og lært mykje av naboane i sør. NAV  i Førde starta opp nokre månader før oss, så her er det også litt erfaringar å hente. På spørsmålet om dei berre skal halde seg innanfor kommunen er svaret klart. Vi må sjå heile regionen under eitt. Ein gong kan det vere ein Jølstring som passar for ei bedrift i Florø og omvendt. -Vi må sjå stort på det, og vi trur ikkje Origod blir arbeidsledige med det første. Dei vil nok merke at vi er komne på bana, men vår metode er eit viktig supplement til andre metodar som er i bruk for å få folk i arbeid. Saman må vi gjere alt for at flest mogleg kan fylle dagen med meiningsfylt arbeid.