Tiltaka våre

Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod til personar med ulike arbeidshinder, som treng bistand til å komme i ordinært arbeid eller utdanning. Kan innehalde kartlegging, karriererettleiing, arbeidsutprøving, praksis og opplæring i ordinært arbeidsliv.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR- «Raskare tilbake») er eit tilbod til personar som er sjukmelde for å komme fort tilbake til sin eigen jobb eller til ein ny jobb. Kan bestå av livsstilsveiledning, generell opptrening, arbeidsutprøving, praksis og opplæring hos noverande eller ny arbeidsgjevar.

Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) skal bidra til at arbeidssøkjar vert kvalifisert til ledige jobbar. Kan bestå av til dømes norskopplæring for framandspråklege, jobbklubbar eller konkret praksisopplæring.