Samarbeidspartar

Origod er NAV sin samarbeidspart og tenesteleverandør innan arbeid og inkludering for utsette grupper. Origod er etablert av det offentlege med formål om å drive attførings- og kvalifiseringstenester.

Vårt mål er å få folk i arbeid.
Origod har over 30 års erfaring med levering av arbeids- og inkluderingstenester til NAV.

Vi er i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre, og står i dag fram som ei kompetansebedrift med medarbeidarar med utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk, og med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

Når kan Origod nyttast?  Kva tenester kan vi tilby? 

Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod til personar med ulike arbeidshinder, som treng bistand til å komme i ordinært arbeid eller utdanning. Kan innehalde kartlegging, karriererettleiing, arbeidsutprøving, praksis og opplæring i ordinært arbeidsliv.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR – «Raskare tilbake») er eit tilbod til personar som er sjukmelde for å komme fort tilbake til sin eigen jobb eller til ein ny jobb. Kan bestå av livsstilsveiledning, generell opptrening, arbeidsutprøving, praksis og opplæring hos noverande eller ny arbeidsgjevar.

Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) skal bidra til at arbeidssøkjar vert kvalifisert til ledige jobbar. Kan bestå av til dømes norskopplæring for framandspråklege, jobbklubbar eller konkret praksisopplæring.

Behov for nye tenester?
Origod kan også vere en samarbeidspart i utviklinga av nye tenester. Dette har vi erfaringar med m.a. gjennom kurs som vi har utvikla i samarbeid med NAV, KF Innvandrarsenteret og private bedrifter.

Meir informasjon finn du her.

Linkar til nokre av våre samarbeidspartar

Metodar og verktøy i arbeid

Vi bruker profesjonelle metodar og verktøy i arbeidet vårt, basert på anerkjente teoriar og kognitive metodar.

Til karriererettleiing nyttar vi m.a. Arbeids- og inkluderingsbedriftene sine verktøy Work Interest Explorer (WIE), JobPics og Structured Career Interview (SCI). Verktøya gir ein systematisk gjennomgang av interesser, erfaringar, personlige eigenskaper, hindringar o.a.

I rettleiings- og motiveringsarbeidet nyttar vi m.a. Motiverande Intervju/Endringsfokusert rådgiving, coaching og Løsningsfokusert veiledning (LØFT). Desse verktøya er løysingsretta med fokus på positive element og utfordringar i endringsarbeid.

Til kartlegging av lese-, skrive- og matematikkvanskar brukar Origod Rådgiveren og Veilderen Basis (NetPed). Vi har medarbeidar med spesialpedagogisk utdanning til å bearbeide resultata.

Vi samarbeider med 40 – 50 bedrifter i Florø,  Bremanger og andre nærliggande kommunar om arbeidsutprøving, arbeidspraksis med formål om tilsetting og fagutdanning gjennom lære- og opplæringskontraktar.

Jobbsøking: Opplæring i og praktisk jobbsøking, m.a. ved hjelp av arbeidsøkarverktøyet Jobbpunkt.

Norskopplæring for framanspråklege: Bruk av det atabserte verktøyet Migranorsk. Allmenn og yrkesretta norsk, inkudert Origod Testskole med kartlegging av norsknivå opp mot Vox-prøve.

Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og tilboda blir utforma saman med arbeidssøkarane. Alle får tilbod om anonymt å evaluere tenesta dei har mottatt.

Livsstilsveiledning (kosthald og fysisk aktivitet) og økonomisk rettleiing  ved sertifiserte rettleiarar.

Tverrfagleg samarbeid er viktig i Origod AS sitt arbeids- og inkluderingsarbeid. Nokre av Origod AS sine samarbeidspartar: NAV, private og offentlege bedrifter, helsetenesta (fastlege, fysioterapeut, psykolog), kommunale tenester (tiltakstenesta, bustadtenesta), vidaregåande skular, opplæringskontor, bedriftshelsetenesta.

Våre tenester er kvalitetssikra i kvalitetssikringssystemet Equass gjennom revisjonar annankvart år sidan 2008. Equass står for European Quality Assuranse in Social Services.

Er det spørsmål om våre tenester?

Ta kontakt med:

  • Ole Morten Strømmen, tlf. 940 15 824   ole.morten.strommen@origod.no
  • Anne Solheim Kleppe, tlf. 940 15 826
  • Eller ein av dei andre i avdelinga arbeid & attføring, sjå Kontakt.