Arbeidssøkar

origod ei bru til arbeidslivet

Står du utanfor arbeidslivet og treng hjelp for å komme i arbeid? Treng du…

  • Yrkeserfaring, opplæring eller arbeidstrening?
  • Fagutdanning eller delkompetanse?
  • Å kombinere arbeidspraksis og undervisning?
  • Å få prøve deg i arbeid?
  • Å få avklare forholdet ditt til arbeidslivet?
  • Karriereveiledning for å finne ut av yrke- eller utdanningsval?
  • Rettleiing og opplæring i jobbsøking?
  • Rettleiing og oppfølging i samband med langtidssjukemelding?
  • Råd og rettleiing til kostholdsendring og fysisk aktivitet?

Eller trenger du kort og godt hjelp til å finne ein arbeidsplass for å komme i gong?

Då er kanskje Origod det rette for deg!

Ta gjerne kontakt for nærmare informasjon. Det kan vise seg å bli nyttig!

På Origod møter du ein humørfylt stab med god kompetanse og erfaring på rettleiing, kvalifisering og oppfølging samt eit godt kontaktnett med næringslivet.
Målet vårt er at du skal trivast og få utvikle deg mot dei mål og ønskjer du har sett deg.

Fornøgde brukarar

Dei fleste som har nytta tilboda våre har fått seg arbeid, har starta med utdanning eller er komne i ein annen aktiv situasjon etter opphaldet. For at du skal ha nytte av eit tilbod hos oss er det viktig at du er reell arbeidsøkar, er motivert og tek aktivt del i arbeidet.

Meir om tiltaka våre:

Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod til personar med ulike arbeidshinder, som treng bistand til å komme i ordinært arbeid eller utdanning. Kan innehalde kartlegging, karriererettleiing, arbeidsutprøving, praksis og opplæring i ordinært arbeidsliv.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR- «Raskare tilbake») er eit tilbod til personar som er sjukmelde for å komme fort tilbake til sin eigen jobb eller til ein ny jobb. Kan bestå av livsstilsveiledning, generell opptrening, arbeidsutprøving, praksis og opplæring hos noverande eller ny arbeidsgjevar.

Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) skal bidra til at arbeidssøkjar vert kvalifisert til ledige jobbar. Kan bestå av til dømes norskopplæring for framandspråklege, jobbklubbar eller konkret praksisopplæring.

Korleis søker du deg til Origod?

Alle søknader til Origod går via NAV. Du kan gjerne ta direkte kontakt med oss, dersom du ønskjer å vite meir før du søker. Ta kontakt med:

Anna informasjon

I oppstarten få du ein individuell samtale med oss, og det blir inngått avtale for det tiltaket du skal vere i. Etter ein kartlegging og avklaringsperiode utarbeider vi saman ein individuell plan med målsettingar og kva aktivitetar som det skal arbeidast vidare med.

Ønskjer du å vite meir om den mekaniske avdelinga, klikk deg inn på mekanisk avdeling.