Arbeidsgjevar

Origod samarbeider dagleg med mellom 30 – 50 bedrifter i Flora, Bremanger og andre nærliggande kommunar, om levering av tenester innan arbeid og inkludering, og oppfølging av sjukmelde og arbeidssøkjarar. Bedriftene melder om at dei er godt nøgde med den oppfølginga vi gjev, og at det er trygt å samarbeide med Origod.

  • Samfunnsansvar – mange arbeidsgjevarar ønskjer å bidra til at folk kan komme tilbake til arbeid.
  • Inkluderande arbeidsliv – mange arbeidsgjevarar finn at eit samarbeid med Origod er bra å innarbeide i delmål 2 (vedr. personar med nedsett funksjonsevne) i Samarbeidsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv.
  • Rekruttering – mange arbeidsgjevarar opplever at det å samarbeide med Origod er ein trygg og ukomplisert måte å rekruttere på, gjennom at ein blir godt kjend med arbeidssøkjaren gjennom praksisperioden.
  • Lågare sjukefråvere – mange arbeidsgjevarar får sine tilsette som er sjukmelde, tidlegare i jobb igjen gjennom «Raskare tilbake».

Vår tenester omfattar:

Arbeidsførebuande trening gjev god mulighet for å å prøve ut og lære opp arbeidssøkjarar, før ein gjer ei endeleg avgjerd om tilsetting i bedrifta. Origod gjev oppfølging og bistand til både arbeidssøkar og arbeidgjevar i denne prosessen.

Arbeidsretta rehabilitering  (”Raskere tilbake”): I løpet av ei maks.tid på 12 veker kan arbeidsgjevar få bistand i arbeidet med oppfølging av den sjukmelde:

  • Avklare om det er aktuelt å fortsette på arbeidsplassen, i noverande eller ny jobb.
  • Bruke tiltaksperioden til utprøving og evt. tilrettelegging og opplæring, dersom arbeidstakar skal fortsette på arbeidsplassen.
  • Gi veiledning, oppfølging og opplæring til den sjukmelde og ny arbeidsgjevar, dersom det vert naudsynt å skifte arbeidsplass.

«Ringer i vannet» er eit NHO-prosjekt i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsbedriftene om å rekruttere nye medarbeidarar. Ved hjelp av NAV sine tiltak og oppfølging frå Origod kan arbeidsgjevaren prøve ut og lære opp arbeidssøkjaren.

Tenestene er gratis for arbeidsgjevar, og det er NAV som bestiller og betalar for tenesta. 

Kontakt:
Ole Morten Strømmen, tlf. 940 15824,  ole.morten.strommen@origod.no

Eventuelt andre på avdelinga Arbeids- og inkluderingsavdelinga, sjå kontaktlista.