Parkbenk

Vil du ha bord med benk, eigen benk eller ein gedigen potteskjuler i hagen? Bjørn Storøien som leiar tre-avdelinga på Origod kan få til det meste. Vi har laga mykje av det vi kallar parkbenkar fortel Bjørn, men har nesten berre eit tomt lager å vise fram.

Vi har levert alt vi hadde av parkbenkar på lager til Grovastøylen skyte- og aktivitetssenter, smiler arbeidsleiaren fornøgd. Vi har og laga nokre bord med ryggstø på benkane, spesiallaga for ungar. Dei finn ein i barnehagar. Vi kan eigentleg lage det folk vil ha. Hagemøblane lagar vi av trykkimpregnert materiale og så malar vi dei etter ønskje.

Gedigen potteskjuler

Bjørn Storøien viser fram det siste produktet dei har utvikla på snikkarverkstaden. Dette er som ein stor potteskjuler, der blomsterpotta er ein eller to baljar berekna for støyping. Det er berre å bore nokre hol i balja, fylle den med jord og flotte plantar og plassere den der du vil ha den. Etterpå trer du den flotte trekassen over balje og blomster, demonstrerer Storøien.

Mobil blomsterkasse

Det ideelle er at denne kassen med blomster kan du flytte rundt i hagen om du vil. Potteskjuleren har ikkje botn, og heile installasjonen er dermed lett å flytte rundt etter ønskjer og behov – eller kanskje etter sola? Kassen eller potteskjuleren er forseggjort og bygd av spiler, der til og med skruane er skjulte. På toppen er det laga ein fin kant som skjuler støypebaljen inni – og her kan du sjølvsagt velje om du vil skjule ein eller to baljar. Du kan til og med sitte på kanten og nyte blomstrane og utsikta.

Bjørn Storøien

Bjørn Storøien som leiar treavdelinga på Origod viser fram den forseggjorte gedigne potteskjuleren, som du lett kan flytte rundt i hagen.

Parkbenk

Origod har levert parkbenkar til barnehagar, organisasjonar og private.