Origod nyheitsbrev 1/2018: Frode Ryland frå Origod, Elisabeth Solheim, Flora kommune, Siv Merete Stadheim, Flora Turlag og Trond Sagen, Reklamebyrået A til Å

Det er kvardagsturane som er dei viktigaste, seier Siv Merete Stadheim som er leiar i Flora Turlag. Ho er på toppen av Storåsen i lag med folkehelsekoordinator i kommunen Elisabeth Solheim, Frode Ryland frå Origod og Trond Sagen frå A til Å. Folk i Florø er utruleg gode på kvardagsturar – takka vere åsane som ligg omlag midt i byen. Den flotte utsikta er viktig for turgåarane, og då er det ekstra kjekt at dei no har fått på plass ei tavle med bilde og namn på det ein ser i horisonten.

Bli lokalkjent
Første skiltet er kome på plass på Storåsen, og etterkvart vil det komme tilsvarande informasjonstavle på Brandsøyåsen. Elisabeth Solheim er sikker på at dette vil vere med på å betre turopplevinga. Eg har vore på mange turar der folk står og lurer på kva øyar og fjell dei ser. Det gjeld faktisk like mykje lokale folk som utanbys folk.

No kan alle bli lokalkjende i eigen by, smiler ho.

Kvalitetssikra
Det er Elisabeth Solheim som har koordinert arbeidet med skilta. Trond Sagen i A til Å har designa skilta, fått rett namn på rett plass og skaffa stativ. Båtførarane på skyssbåtane er dei sikraste kjeldene når det gjeld å få på plass namna på øyane, fortel han. Frode Ryland på Origod er den som har hatt den praktiske gjennomføringa med å lage skiltstativet og montere det på Storåsen. Folka på verkstaden på Origod er problemløysarar og fiksar, seier Sagen. Dei kjem med innspel og tek utfordringa. Har ein følelse av at du kan spørje Origod om det meste.

Samarbeid gir turglede
Samarbeid må til, konkluderer folkehelsekoordinatoren, og neste prosjekt er å få tilsvarande skilt på Brandsøyåsen. Utan fiskefôrbedrifta Ewos Cargill hadde vi ikkje klart å finansiere dette avsluttar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag. Ny statistikk viser at skilting og merking får fleire folk ut på tur.

Det nye skiltet vil gje folk endå ein god grunn for å ta ein kvardagstur på åsane i Florø.