No har du muligheten….. – bli med på laget!

Vi treng deg som likar variert utearbeid og er god til å vere saman med folk.

 

Ynskja kvalifikasjonar:
 Førarkort C1 (du kan eventuelt ta dette etter oppstart).
 Gode sosiale evner.

Vi tilbyr deg:
 Løn og pensjon etter avtale.
 Sertifisert opplæring på aktuelle truckklassar, hjullastar og andre relevante kurs.
 Spennande samarbeid med kollegaer som i 2016 vart heidra som best i bransjen i
Norge.

Vi vil be deg om:
 Å gå inn i vaktordning for snørydding og bunkring på Fjord Base.
Spørsmål om stillinga kan rettast til

Torleif Hjermann tlf. 48292222 eller Ronny Berg tlf. 91122523.

Søknad kan sendast pr e-post til:
torleif.hjermann@origod.no

Søknadsfrist 12.12.18.

 

Om bedrifta: 

Origod AS er ei arbeids- og inkluderingsbedrift der dei største eigarane er Sogn
og Fjordane Fylkeskommune og kommunane i Sunnfjord-regionen.
Origod AS sitt føremål er å gje arbeidssøkjarar individuelt tilpassa tilbod som kvalifiserer for arbeid, og å
formidle arbeidskraft til det ordinære arbeidslivet. Dette arbeidet utfører vi i nært samarbeid med NAV og
lokale arbeidsgjevarar.

Origod AS leverer også varer og tenester til eit breitt spekter kundar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, ma.
innan mekanisk og elektronisk industri, transport/logistikk, renovasjon/vedlikehald og kursverksemd.
Origod AS, Nærtenesten – Sunnfjord Drift AS og Mentro AS fusjonerte i oktober 2018 til Origod AS. Vi er
lokaliserte i Florø og i Førde, og har til ei kvar tid over 120 personar tilknytt verksemda, av desse vel 90
personar i arbeidstiltak i tillegg til om lag 30 ordinært tilsette.

 

Saman i Sunnfjord. Fusjon Origod, Mentro og Nærtenesten

Vi skal bli den beste arbeids- og inkluderingsbedrifta i regionen, slår Petter Refsnes fast.

Arbeids- og inkluderingsbedriftene Origod i Florø, Mentro i Førde og VTA bedrifta Nærtenesten i Florø har slått seg saman. Dagleg leiar i det fusjonerte selskapet Petter Refsnes legg vekt på at fagmiljøet blir sterkare og at ein får ei større breidde i tilbodet. Hovudmålet vårt er å få folk i arbeid – og det er vi endå betre rusta for no.

 

Det nye Origod har avdelingar i både Førde og Florø, og skal jobbe saman i Sunnfjord. Torleif Hjermann som har vore dagleg leiar i Nærtenesten ser fram til at dei skal flytte si verksemd til Origod sine lokale i Industrivegen i Florø.

Det viktigaste er at vi blir ein fleksibel og slagkraftig organisasjon – som kan gjere ein endå betre jobb for folk som treng hjelp for å komme ut i ordinert arbeid eller varig tilrettelagte arbeid.

NAV er vår viktigaste mottakar av tenester, og ein viktig stordriftsfordel er at eit større fagmiljø står sterkare i anbodsrundar i heile Sunnfjord, avsluttar Torleif Hjermann.

Origod nyheitsbrev 1/2018: Vi har hatt ein god dialog gjennom mange år, fortel Inge Ellingsund til høgre. Her avtalar han nye leveransar frå Origod med Alan Rossi og Boom Rgphiphat.

Niprox leverer vassborne varme- og kjølesystem til store bygg over heile landet, der dei med si eiga oppskrift fjernar grunnlaget for korrosjon og avleiringar i rør og ventilar. Inge Ellingsund, som er gründeren i bedrifta, fortel at dei er avhengig av gode lokale leverandørar for å lukkast ute i den store marknaden.

Viktig med god dialog
Origod har gjennom mange år levert alt det rustfrie til anlegga våre, og er ein solid underleverandør. På den mekaniske verkstaden i Havreneset produserer og leverer dei rammer og andre delar, og tar seg av sveising av delane til anlegga. Vi har ein veldig god dialog, fortel Inge, og legg vekt på at Niprox alltid får det dei treng frå den lokale deleprodusenten. Det er flinke folk, som leverer kvalitet.

Kort veg
Niprox får månadlege leveransar frå Origod, gjennom heile året – og for oss er det veldig snautt å kunne ta kontakt når vi treng nye delar. Dei ordnar opp på kort varsel. Sjølv om vi leverer til heile landet – også utanfor landegrensene – så er det viktig for oss å ha ein lokal leverandør, presiserer Inge. Det er berre å løfte av røret eller ta ein køyretur ut i Havreneset – så ordnar det meste seg.

Reint Florø-produkt

Det er kjekt at vi som er gründerar i Florø kan levere frå oss ekte Florøprodukt – i topp kvalitet.

Delane som blir produserte hos Origod er med på å gje reint vatn og rør utan korrosjon hos til dømes Skatteetaten sin datahall, Ullevål Sykehus og Carlsberg Bryggeri i København.

Origod nyheitsbrev 1/2018: Frode Ryland frå Origod, Elisabeth Solheim, Flora kommune, Siv Merete Stadheim, Flora Turlag og Trond Sagen, Reklamebyrået A til Å

Det er kvardagsturane som er dei viktigaste, seier Siv Merete Stadheim som er leiar i Flora Turlag. Ho er på toppen av Storåsen i lag med folkehelsekoordinator i kommunen Elisabeth Solheim, Frode Ryland frå Origod og Trond Sagen frå A til Å. Folk i Florø er utruleg gode på kvardagsturar – takka vere åsane som ligg omlag midt i byen. Den flotte utsikta er viktig for turgåarane, og då er det ekstra kjekt at dei no har fått på plass ei tavle med bilde og namn på det ein ser i horisonten.

Bli lokalkjent
Første skiltet er kome på plass på Storåsen, og etterkvart vil det komme tilsvarande informasjonstavle på Brandsøyåsen. Elisabeth Solheim er sikker på at dette vil vere med på å betre turopplevinga. Eg har vore på mange turar der folk står og lurer på kva øyar og fjell dei ser. Det gjeld faktisk like mykje lokale folk som utanbys folk.

No kan alle bli lokalkjende i eigen by, smiler ho.

Kvalitetssikra
Det er Elisabeth Solheim som har koordinert arbeidet med skilta. Trond Sagen i A til Å har designa skilta, fått rett namn på rett plass og skaffa stativ. Båtførarane på skyssbåtane er dei sikraste kjeldene når det gjeld å få på plass namna på øyane, fortel han. Frode Ryland på Origod er den som har hatt den praktiske gjennomføringa med å lage skiltstativet og montere det på Storåsen. Folka på verkstaden på Origod er problemløysarar og fiksar, seier Sagen. Dei kjem med innspel og tek utfordringa. Har ein følelse av at du kan spørje Origod om det meste.

Samarbeid gir turglede
Samarbeid må til, konkluderer folkehelsekoordinatoren, og neste prosjekt er å få tilsvarande skilt på Brandsøyåsen. Utan fiskefôrbedrifta Ewos Cargill hadde vi ikkje klart å finansiere dette avsluttar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag. Ny statistikk viser at skilting og merking får fleire folk ut på tur.

Det nye skiltet vil gje folk endå ein god grunn for å ta ein kvardagstur på åsane i Florø.

Origod nyheitsbrev mars -18

Nye kostar kostar best, seier eit gammalt uttrykk. Difor har NAV Florø tilsett 3 heilt nye kostar – som skal ta seg av eit nytt arbeidsområde. NAV sitt mål har alltid vore å få folk i arbeid, men Stine Sortevik, Per-Øyvind Sørbø og Jon Eirik Lerum skal gjere jobben på ein ny måte. Dei har fått titlane «Jobbspesialistar», og det dei skal spesialisere seg på er å få folk raskt inn i varige tilsettingsforhold.

Vi skal ikkje jobbe med lange avklaringar om kompetansebehov og andre utfordringar, forklarer Stine. Jobbspesialistane skal få folk rett inn i eit langsiktig arbeidsforhold – med vanlege lønnsforhold og rettar som alle andre ordinært tilsette.

Bli kjent med næringslivet
Men, kan ikkje desse folka berre søke på ordinære jobbar  – og få ordinær tilsetting? Det er her Jobbspesialistane skil seg frå andre sakshandsamarar i NAV, fortel dei tre. Hugs at 70% av alle jobbar i Norge ikkje blir utlyst. Bedriftene veit nesten ikkje kva kompetanse dei har bruk, før den blir presentert for dei. Difor skal vi banke dører. Dersom vi blir sittande på kontoret er det teikn på at vi gjer ein dårleg jobb, smiler Per-Øyvind. Sjølv er han godt kjent i det lokale næringslivet, men no skal han bli endå betre kjent – og saman med Stine og Jon Eirik skal dei finne jobbar som matchar dei rette kandidatane.

Skal bli verdsette
Det er mange aktørar ute i denne marknaden, men NAV har heile tida vore oppdragsgjevaren til mellom andre Origod i Florø. Dei gjer gode jobbar med å kartlegge kompetansen og utfordringane folk har, men den delen med å ordne tilsettingar skal NAV meir og meir ta seg av sjølve. Vi skal ikkje berre ut og finne jobbane, forklarar dei tre. For at modellen vår skal fungere må vi ha skikkeleg motiverte arbeidssøkarar. For mange kan det vere de-motiverande å gå gjennom ei lang mølle med utgreiingar og utprøvingar. Arbeidssøkarane opplever at dei får eit prøve-arbeidsforhold utan at arbeidet blir skikkeleg verdsett med lønn og rettigheiter på lik linje med andre.

Det som skil oss frå dei andre er at vi tilbyr skikkeleg lønna arbeid med uavgrensa oppfølging etter tilsetting.

Berre jobb
Fordelen med at vi gjer dette arbeidet sjølve, presiserer Jon Eirik, er at vi er i eit miljø med dei andre sakshandsamarane hos NAV. Vi jobbar med dei same verktøya, kommunikasjonen går raskt mellom oss og vi får ei god oversikt over kandidatane vi kan tilby næringslivet og vise versa. Jobbspesialistane skal berre jobbe med jobb, dei andre på NAV skal ta seg av mange andre ting. Utfordringa vår er å bygge tillit og bli kjende med næringslivet og dei aktuelle kandidatane.

Ny metode
Dette er ein ny måte å tenke på for NAV-systemet, og vi må gjere ein del nybrottsarbeid. NAV Åsane har hatt eit pilotprosjekt så vi har kursa oss og lært mykje av naboane i sør. NAV  i Førde starta opp nokre månader før oss, så her er det også litt erfaringar å hente. På spørsmålet om dei berre skal halde seg innanfor kommunen er svaret klart. Vi må sjå heile regionen under eitt. Ein gong kan det vere ein Jølstring som passar for ei bedrift i Florø og omvendt. -Vi må sjå stort på det, og vi trur ikkje Origod blir arbeidsledige med det første. Dei vil nok merke at vi er komne på bana, men vår metode er eit viktig supplement til andre metodar som er i bruk for å få folk i arbeid. Saman må vi gjere alt for at flest mogleg kan fylle dagen med meiningsfylt arbeid.

Trond Ramstad Olsen

Det har vore ekstra givande å samarbeide med Origod om lære- og praksisplassar, fortel personalsjef Trond Ramstad Olsen. Han har koordinert alle lærlinginntaka i kommunen gjennom mange år. Han legg vekt på at dei har eit overordna lokalt samfunnsansvar for å hjelpe folk tilbake eller inn i arbeidslivet. Saman med Origod har vi vore med å bidrege til at folk som treng litt ekstra drahjelp klarer å finne sin plass og sitt yrke. Dette har vi lukkast med gong etter gong, og det er utruleg kjekt.

Vi har hatt inn mange – og  spesielt  unge folk – som treng litt ekstra tid for  å meistre arbeidslivet. Ein del er svært utrygge og treng ekstra oppfølging, slik at vi nesten trur at dette ikkje kan fungere. Med profesjonell hjelp frå Origod og tilrettelegging frå vår side, så opplever vi at det går veldig bra. Å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande. At fleire av desse ungdommane som treng litt ekstra drahjelp endar opp med fagbrev og jobb i andre enden er bevis på at god oppfølging og samarbeid nyttar.

Lokalt samfunnsansvar
Det er vårt samfunnsansvar som kommune å stille med praksisplassar for denne gruppa, presiserer Ramstad Olsen, og vi ser at det har stor betyding for korleis det går med dei vidare i livet. Vi må sjølvsagt sette av ekstra ressursar til dette arbeidet, men vi prøver alltid å ha plass til så mange som mogleg. I tillegg har vi ordinære lærlingplassar og praksisplassar i samarbeid med innvandrarsenteret, vidaregåande skule og NAV. Vi har eit godt omdømme som praksisvert, og det er ekstra trygt for oss når vi har ein samarbeidspartnar som Origod i ryggen.

Givande arbeid
Det blir gjort ein veldig god jobb ute i dei ulike avdelingane i kommunen, fortel Ramstad Olsen, og peikar på at dei fleste praksisplassane er innanfor barne- og ungdomsarbeid og helsefag. Årleg  har vi i snitt inne 3–4 kandidatar, utan at vi har forplikta oss til at dei får jobbe der seinare. Dei får ein god sjanse til å vise seg fram, og om dei viser seg dugande til jobben skjer det rett som det er at dei endar opp med både fagbrev og jobb. Det er utruleg kjekt.

Profesjonell samarbeidspart
Det er utan tvil lettare å ta dette lokale samfunnsansvaret når vi har Origod i ryggen. Dei fungerer nesten som eit opp- læringskontor. Dei har lang erfaring, vi kjenner dei og dei er svært profesjonelle på oppfølging. Origod gjer arbeidet trygt både for oss og brukarane. Ekstra tid og godt samarbeid gir resultat, slår Trond Ramstad Olsen fast.

… å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande …

Farhad Den gamle nabo

Kjem du inn på «Den gamle nabo» i Førde er sjansen stor for at du møter på ein smilande og imøtekommande mann frå Iran. Farhad Kivi (42) fortel at sjølv om det har tatt lang tid, har han aldri har gitt opp tanken om å få seg jobb. Eg har reist rundt og besøkt bedrifter i Florø og Førde og levert ut bortimot 50 opne søknader. No har han lukkast, og er eit bevis på at ein aldri må gje opp.

Farhad Kivi kom til Origod i november 2014, med store språkutfordringar. Han er ein allsidig og svært omgjengeleg kar, men språket var ei stor barriere. Frå heimlandet har han bakgrunn frå mekanisk arbeid, som sveising og rørarbeid. I tillegg jobba han 5 år som skreddar, der han sydde og reparerte dame- og herrekle.

Reinhald, sveising og sying
Tida på Origod har vore veldig nyttig, fortel Farhad. Parallelt med språkkurs har eg hatt kurs og praksis i reinhaldsfaget, jobba med sveising og hatt praksis både hos Coop Extra og Nortekstil. På sistnemnde plass fekk han praktisere skreddarbakgrunnen sin, med å reparere arbeidskle. Jobbsøkarkursa har vore veldig viktige for den blide mannen frå Iran, som til slutt klarte å skaffe seg jobb sjølv.

Positiv innstilling
Då  Farhad  var  ferdig  på  Origod våren 2017, var planen at han skulle gå ut døra med ein jobb i lomma. Slik vart det ikkje, han gjekk i staden ut døra med ein god CV, ein haug med jobbsøknader og  ei positiv innstilling. Det viktigaste var å få ein jobb, og ikkje kva slags jobb. På grunn av ein felles venn kom han i kontakt med Mustafa Tümer, som driv «Den gamle nabo» i Førde – og endeleg fekk han vise fram at han duger.

Ikkje kresen
Tümer fortel at Farhad framleis er på prøvetid, og at dei personlege eigenskapane saman med bakgrunnen er avgjerande. For oss er det viktig at han har reinhaldskurs og gode norskkunnskapar. Restaurantdrift handlar først og fremst om god service og god mat, smiler  mannen  som  saman  med  familien driv restaurant i Florø, Florø, Sogndal og Leikanger. Han legg vekt på at den nye restaurantmedarbeidaren har mange av dei eigenskapane som trengs. Han er blid og omgjengeleg og veldig fleksibel. Vi treng folk som kan gjere «alt» frå reinhald til servering og ordensvakt på kveldstid – og ikkje minst må dei behandle kundane på ein god måte. Farhad nikkar samtykkande, han er veldig glad for å ha fått seg jobb, og vil stå på for å lære nye ting.

… jobbsøkarkursa har vore veldig viktige for den blide mannen frå Iran, som til slutt klarte å skaffe seg jobb sjølv …

 

Origod riggar seg for framtida med ei omfattande på- og ombygging av eige hus.

Origod satsar og vi har bestemt at vi skal ha all aktiviteten vår samla i eige hus i Havreneset, slår dagleg leiar Petter Refsnes fast. Etter planen skal det til våren 2018 stå ferdig ei ny andre etasje, på rundt 200 kvadrat. I realiteten blir det ei blanding av nybygg og ei omfattande ombygging av 2. etasje, slik at vi står igjen med til saman 300 m2 nye rom.

Vi har erfart at vi treng meir plass, og rom som er meir tilpassa aktiviteten vi driv med. Det blir heilt ny kantine, men det er ikkje fordi vi treng det. Dagens kantine skal byggast om og gje plass til nye klasserom og rom til ulike aktivitetar knytt til gruppemetodikk, jobbsøknad og liknande. Lokalitetar kan etterkvart bli ein viktig faktor i anbodsrundar for jobbar vi tek på oss, så det er ingen grunn til å nøle, presiserer Refsnes.

Har råd til å satse
Gjennom året har vi oppunder 140 brukarar som sirkulerer her frå NAV systemet, og i tillegg har vi mange inne her for kortare kurs og prak- sisperiodar. Det er ein stor kabal som skal gå opp. Refsnes fortel at dei aldri kan vere trygge for kva framtida vil bringe, men vi er gjeldfrie, er herre i eige hus og har anledning til ei slik investering. Då kan vi ikkje gå rundt å lure på om vi skal satse no eller om 5 år. Det er berre å stå på og rigge seg for den framtida som måtte komme. På- og ombygginga er kostnadsrekna til 5 millionar kroner.

Lokale leverandørar
Vi gler oss til å få betre plass og ein betre logistikk i arbeidsdagen. Aktiviteten vår er meir og meir retta mot gruppeundervisning og kursing i til dømes jobbsøking, så dette er eit viktig løft for oss. Påbygget og ombygginga skal etter planen stå ferdig til sommaren 2018. Det er Fanevik Bygg som har totalentreprisen, og dei er i gang med prefabrikkeringa. Det er mykje som kan gjerast klart før dei startar med sjølve bygginga og ombygginga her på huset, smiler ein fornøgd byggherre.

 

…vi gler oss til å få betre plass og ein
betre logistikk i arbeidsdagen …

Petter Refsnes

Petter Refsnes likar ikkje tendensane han ser i bransjen Arbeid & Inkludering, som Origod er ein del av. NAV åtvarar og mot selskapet «Din Utvikling» sin modell, der ein ikkje tilset folk, men baserer heile drifta på innleigde konsulentar frå enkeltmannsføretak.

Dette vil slå beina under bransjen, seier Petter Refsnes, som i tillegg til å vere dagleg leiar for Origod er styreleiar den nasjonale foreininga «Arbeid & Inkludering i NHO service». Tilbydaren «Din Utvikling» er NAV sin største tiltaksleverandør og sel tenester innan kurs og personleg oppfølging på lik linje med Origod og andre tilsvarande bedrifter. Forskjellen er at vi har folk tilsette hos oss, og sørgjer for fagleg utvikling og kompetansebygging for dei tilsette. «Din Utvikling» forlangar at deira «tilsette» opprettar eit eige enkeltmannsføretak – og har dermed ikkje noko ansvar for deira faglege kompetanse.

Går utover brukarane

Petter Refsnes er redd for at dersom denne måten å organisere tiltaksbedriftene på verkeleg er lovleg, så lyt andre følgje etter for å klare å konkurrere. Til sjuande og sist vil det gå utover tilbodet til dei som treng tiltak for å komme i arbeid. Petter Refsnes er klar i sin tale; Dette er nok eit bevis på at tilbod til folk som treng hjelp for å komme vidare i livet ikkje bør vere styrt av anbodsrundar og økonomi.

Rapporten «Milliarder – ikke mennesker» konkluderer med:

  • Attføringsmarknaden er ein skattefinansiert milliardmarknad
  • Anbodsutsetting er ei dramatisk kommersialisering
  • Tilbydarane er større og færre
  • Enkelte har eigarskap i skatteparadis
  • Anbod fremjar ikkje frivillige og faglege eldsjeler

Les artikkel i Dagbladet 29. mai 2017

Petter Refsnes

Petter Refsnes er dagleg leiar på Origod og styreleiar for foreininga «Arbeid & Inkludering i NHO service» Han er bekymra for at anbodsrundar og tendensen til å bruke innleigde sjølvstendige jobbkonsulentar skal slå beina under bransjen og skape dårlegare tiltak for brukarane.