Oppføringer av anita

Saman i Sunnfjord

Vi skal bli den beste arbeids- og inkluderingsbedrifta i regionen, slår Petter Refsnes fast. Arbeids- og inkluderingsbedriftene Origod i Florø, Mentro i Førde og VTA bedrifta Nærtenesten i Florø har slått seg saman. Dagleg leiar i det fusjonerte selskapet Petter Refsnes legg vekt på at fagmiljøet blir sterkare og at ein får ei større breidde […]

Reint vatn med reine Florøprodukt

Niprox leverer vassborne varme- og kjølesystem til store bygg over heile landet, der dei med si eiga oppskrift fjernar grunnlaget for korrosjon og avleiringar i rør og ventilar. Inge Ellingsund, som er gründeren i bedrifta, fortel at dei er avhengig av gode lokale leverandørar for å lukkast ute i den store marknaden. Viktig med god […]

Vi fortel kva du ser – infoskilt på Storåsen

Det er kvardagsturane som er dei viktigaste, seier Siv Merete Stadheim som er leiar i Flora Turlag. Ho er på toppen av Storåsen i lag med folkehelsekoordinator i kommunen Elisabeth Solheim, Frode Ryland frå Origod og Trond Sagen frå A til Å. Folk i Florø er utruleg gode på kvardagsturar – takka vere åsane som […]

Jobbspesialistane skal ut og banke dører

Nye kostar kostar best, seier eit gammalt uttrykk. Difor har NAV Florø tilsett 3 heilt nye kostar – som skal ta seg av eit nytt arbeidsområde. NAV sitt mål har alltid vore å få folk i arbeid, men Stine Sortevik, Per-Øyvind Sørbø og Jon Eirik Lerum skal gjere jobben på ein ny måte. Dei har […]

Derfor lukkast kommunen som praksisvert

Det har vore ekstra givande å samarbeide med Origod om lære- og praksisplassar, fortel personalsjef Trond Ramstad Olsen. Han har koordinert alle lærlinginntaka i kommunen gjennom mange år. Han legg vekt på at dei har eit overordna lokalt samfunnsansvar for å hjelpe folk tilbake eller inn i arbeidslivet. Saman med Origod har vi vore med […]

Slik har Farhad fått seg jobb

Kjem du inn på «Den gamle nabo» i Førde er sjansen stor for at du møter på ein smilande og imøtekommande mann frå Iran. Farhad Kivi (42) fortel at sjølv om det har tatt lang tid, har han aldri har gitt opp tanken om å få seg jobb. Eg har reist rundt og besøkt bedrifter […]

Framtidsretta satsing i eige hus

Origod satsar og vi har bestemt at vi skal ha all aktiviteten vår samla i eige hus i Havreneset, slår dagleg leiar Petter Refsnes fast. Etter planen skal det til våren 2018 stå ferdig ei ny andre etasje, på rundt 200 kvadrat. I realiteten blir det ei blanding av nybygg og ei omfattande ombygging av 2. etasje, […]

Anbod og økonomi kan skade gode tiltak

Petter Refsnes likar ikkje tendensane han ser i bransjen Arbeid & Inkludering, som Origod er ein del av. NAV åtvarar og mot selskapet «Din Utvikling» sin modell, der ein ikkje tilset folk, men baserer heile drifta på innleigde konsulentar frå enkeltmannsføretak. Dette vil slå beina under bransjen, seier Petter Refsnes, som i tillegg til å […]

Her kan du få hagemøblar av tre – tilpassa dine ønskjer

Vil du ha bord med benk, eigen benk eller ein gedigen potteskjuler i hagen? Bjørn Storøien som leiar tre-avdelinga på Origod kan få til det meste. Vi har laga mykje av det vi kallar parkbenkar fortel Bjørn, men har nesten berre eit tomt lager å vise fram. Vi har levert alt vi hadde av parkbenkar […]