Arbeidsretta tiltak
Desse tenestene er for arbeidssøkarar med større bistandsbehov enn NAV kan tilby.
Tenestene er også for arbeidstakar som er sjukmelde og som treng bistand for å komme tilbake til arbeidsplassen sin, eller skifte arbeid.
Søknad via NAV.
Etter gjennomført teneste vert det utarbeidd sluttrapport til NAV, lege og eventuell arbeidsgjevar.
Avklaring:
Formål: Avklaring av søkar/den sjukmelde si arbeidsevne, og behov for vidare bistand til å komme i arbeid/behalde arbeidet sitt.
Innhold:
- Kartlegging, avklaring, jobbsøking, arbeidsutprøving og utarbeiding av plan.
- Kartlegging/avklaring om arbeidstakar med arbeidsfohold skal fortsette i arbeidet.
- Temadagar kombinert med individuelt tilpassa opplegg.
- Temadagane består av informasjon, grunnleggande IKT, opplæring i jobbsøking, kosthald og fysisk aktivitet mm.
- Det individuelle tilbodet består av karriereveiledning, jobbsøking, rettleiing, tverrfaglege møter og praksis internt og eksternt.
Varer: 4 veker. Kan utvidast med 4 + 4 veker, maks. 12 veker.
Økonomi: Sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller anna yting frå NAV.
Arbeidsretta rehabilitering (ARR):
Formål: Å styrke arbeidssøkar/den sjukmelde sine muligheter i arbeidslivet, og bidra til meistring av helserelaterte og sosiale problem.
Innhald:
- Arbeidsførebuande trening/arbeidsutprøving.
- Kontakt med arbeidslivet.
- Livsstilsrettleiing (fysisk trening og kosthald).
- Rettleiing og motivasjon.
- Meistring av helserelaterte utfordringar.
Varer: Inntil 12 veker (4 + 4 + 4 veker).
Oppfølging:
Formål: Bistå søkar/den sjukmelde til å få og behalde nytt arbeid, eller behalde sitt tidlegare arbeid.
Innhold:
- Bistand til å søke arbeid/formidling.
- Bistand til tilpassing og tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjon..
- Rettleiing til arbeistakar og arbeidsgjevar.
- Motiveringsarbeid.
- Arbeidstrening og opplæring i høve til nytt arbeid/skifte av arbeid.
Tiltaket Oppfølging kan kombinerast med andre arbeidsretta tiltak, som Opplæring, Arbeidsprasksis og Lønstilskot.
Varer: 6 månader. Kan forlengst med 6 nye månader. 3 år i særlege tilfelle.